Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Jernbanebygging på Omland

Bygginga av Sørlandsbanen endra mykje på Omland. Banen kom til å dela garden i to. Arbeidet på anlegget kunne vera farefullt. Far min, Andreas A. Omland, fortel om ein gong han skulle inn i tunnelen mellom Omland og Sandvatn.

«Dei to karane eg arbeidde saman med, gjekk først inn i tunnelen til fots. Eg hadde dresin og skulle venta på eit tog som kjørte pukk frå Storekvina til Snartemo. Etter at toget var passert, sette eg på dresinen og kjørte etter inn gjennom tunnelen. Til vanleg hadde eg med dynamitt på dresinen, men akkurat denne gongen hadde eg ikkje. Toget kjørte med dampmaskin, og tunnelen blei full av røyk, så eg kunne lite sjå. Då eg kom eit stykke inn i tunnelen såg eg plutselig eit lys rett over meg. Automatisk kasta eg meg av dresinen, og i neste øyeblikk høyrde eg eit svært brak. Dresinen blei knust i småbiter. Tenk korleis det hadde gått om eg hadde hatt dynamitt med. Det viste seg å vera eit tog som kom på veg ned frå Sandvatn til Skjekkelandsmyra for å henta to pukkvogner som det ikkje hadde fått med seg opp stigninga og derfor måtte kjøra ned ekstra for å henta.

Me hadde ikkje fått beskjed om dette, men heldigvis gjekk det godt.

Det var eit hardt arbeid å driva tunnelar i den tida. All boring føregjekk med hand, likeeins all lasting. Då brukte me krafse og brett. Ein gong stod vi fire mann og bora «engelskmenn» med front mot Sandvatn. Då merka eg plutseleg at eg var borte i noko med feiselen. Då eg snudde meg, såg eg ein mann liggja i uvit bak meg. Det viste seg å vera to menn som skulle til Sandvatn og ville gå forbi oss utan å forstørra oss. Dei prøvde å smyga seg forbi bakom oss. Då hadde den eine fått eit slag frå feiselen min i hovudet. Han låg besvimt så lenge at eg var redd eg kanskje hadde tatt knekken på han. Men heldigvis nauda han ingen ting, og mannen lever den dag i dag.

Arnold Omland

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *