Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Johannes smed

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Ein kall som heitte Johannes, og som vanleg vart kalla Johannes smed, var so god til å gjera åt for ymse ting. Det var to småkallar som han stødt tala um, og som han ofte stræva med når han gjorde åt. Han kalla dei for «Vom» og «Hink».

Han Johannes smed hadde ei bøn som han kalla for «rytabøna», og som han brukte når han gjorde åt for sume slag sjukdomar. Han som fortalde det, påstod at rytabøna ord for anna samsvara med ein framgangsmåte som er nemnd i boka «Frå dansketidi» av Kristoffer Jansson. Der er det ei trollkjerring som skal kurera ein gamal skyttar som har vorte sjuk, og då har ho ein samtale med ein trolltusse som ho kallar «ryll». På same måten var det han Johannes smed tala med ein trolltusse som han kalla «ryta».

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *