Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Jolaftan paa Gunnarstad

Paa Gunnarstad i Bokn fekk dei aldri halda jol heime i sine eigne hus. Det hadde seg so at dei laut ryma ut fyr huldrerne; for dei kom til garden kvar jolaftan og vilde halda leik og gaman.
Folk paa garden lika ikkje dette, som ventande kunde vera. Dei tenkte tidt paa korleis dei skulde bera seg aat, so det kun-de verta frie dette stoet. So var det ein gong ein dreng som ikkje vilde flytja ut. Han vilde halda seg i husi med helgi, og var det so at huldrerne kom, so vilde han freista aa skræma deim av. Han skulde alltid maka paa ei raad, meinte han, so han skulde faa huldrerne paa flog.

Mannen i huset og folki hans var glade til at einkvar vilde prøva aa skræma huldrerne. I grunnen var det mannsleg gjort av drengen, at han vilde bjoda seg til aa gjera det; men, dei var so redde at dei ikkje visste um dei torde telja han til aa gjera det. Guten var aldri det slag redd, og daa dei andre flutte fraa garden, laga han seg ei lega paa nokre fjøler upp yver omnen i det huset som han visste at huldrerne helst vilde halda seg.

Han laag ikkje lengje fyrr han høyrde at huldrerne kom. Dei rødde og log, huja og skreik og heldt eit sto, so det var grove ting. Han lagde merke til ein gamall mann som alle dei andre
flokka seg um; dei kalla honom gamle Trond, og ein kunde sjaa at han var hushonden deira. Dei tok fram fat og koppar baade av gull og av sylv og sette paa bordet.

Daa skaali skulde ganga yver bordet, so skulde han Trond drikka fyrst. Han som laag yver omnen, sette daa i «Eg vil og skjenka han Trond !», og dermed skaut han so huset riste, og gamlingen stupte. Huldrerne stokk so dei hoppa; dei fór som ein vind ut gjenom døri. Liket tok dei med seg; men sylv-tyet og gullet kom dei ikkje i hug. Dei jamra og klaga fælt daa dei gjekk, yver husbonden som dei hadde mist.

Men drengen tykte det stod vel til; og det same gjorde visst Gunnarstad-mennerne. Det var ikkje berre det at dei fekk alt gull og sylv som var sett paa bordet; men sidan fekk dei óg fred fyr huldrerne.

Aaret etter kom dei att og ropte inn gjenom glaset: «Er Gunnarstad-kjetto heime iaar?» Kva svar dei fekk, veit me ik-kje; men dei gjekk att. Um det var det at dei ikkje vaaga seg inn, det veit me ikkje; men d’er vel ikkje utrulegt, sidan det hadde gjenge so gale med husbonden deira.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *