Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Jolaftan paa Kvam

Paa Kvam i Sokndal var det alltid utrygt i joli i gamle dagar; for det kom so mange troll og vilde halda jol i huset: Folk i huset laut alltid setja fram paa bordet all den maten dei hadde. Gjorde dei ikkje det, so kom trolli og jaga deim fraa garde alle ihop. So var det ein jolaftan; dei var ferduge med alt strævet til jol og sat just og venta paa at trolli skulde koma. Daa kom det ein fatig-mann farande og bad um hus. Husfolki fortalde korleis til stod; dei torde ikkje vera i huset sjølve; men var det so at han vaaga seg til aa vera der, so skulde det ikkje staa etter paa deira sida. Mannen sa at han ikkje var redd trolli. So fekk han vera der med natti. Han gjekk inn i stova og lagde seg uppyver omnen med ei ladd byrsa.

So var det ikkje lengje fyrr trolli kom. Dei sette seg ikring bordet og gav seg til aa eta og drikka av jolekosten og ølet. I hogsætet sat eit stort gamalt troll som dei kalla Trone. Alle trolli vilde skjenkja gamlingen i høgsætet, og mannen som laag yver omnen, kunde ikkje høyra anna dei ordi:

«No vil eg skjenkja han Trone!»

Daa sagde mannen:

«No vil eg og skjenkja han Trone!» og dermed tok han sigte og skaut Trone i hel.

Men daa kan du tru at trolli stokk; dei reiste seg alle ihop og fór ut or huset. Daa dei fór av stad, kunde ein høryra dei aula og skreik:

«Stutt var jol i Kvam! Stutt var jol i Kvam!»

Etter den dagen hev det aldri vore troll aa sjaa paa den garden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *