Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Jolaftan paa Randa

Paa Randa laut dei flytja ut or huset kvar einaste jolaftan. Det kom seg av di, at huldrerne hadde fenge innpass der paa garden, og dei kom so visst som jolaftan, og gav seg til aa tura og halda gjestebod.

Folki der paa garden kunde ikkje lika dette, som ventande var. So var det eit aar nokre dagar fyre jol at mannen klædde paa seg og rodde av til presten, vilde spyrja honom til raads. Presten tok ei bok og sette seg til aa lesa eit bil. Sidan gjekk han aat kyrkja og fann kyrkjevin; den las han nokre saftuge bøner yver, og daa han det hadde gjort, gav han Randa-mannen vinen og sa honom fyre korleis han skulde bera seg aat. Han skulde setja seg til paa biten, og naar alle huldrerne var inne, skulde han slaa vinen ut yver deim. Vilde han ikkje gjera dette sjølv, fekk han faa ein annan til.

Daa mannen kom heim med vinen, var det ingen som hadde hug til aa sitja paa biten. Jau so hadde dei ein dreng som var ein modig kar, og han baud seg til aa gjera det.

Daa jolaftan kom, flutte dei andre folki ut or huset; men drengen tok vinen med seg og gjekk upp aa biten og sette seg. Han hadde ikkje site lengje der fyrr det kom ei heil horg med troll. Dei gav seg til aa tura og dundra; dei bles i nokre horn som var ei aln lange, og dansa som dei var galne. Daa dei hadde halde paa med dette eit bil, kveikte dei ljos; so kom det inn nokre fine gjentor med mat og sette paa bordet. Koppar og kar var av gull og sylv og andre dyre ting. So sette trolli seg til bordet. I høgsætet sat han gamle Trond; han saag ut til aa vera husbond i det laget, og alle trolli hadde stor vyrdnad fyr honom.

Dei gav seg til aa eta med mange underlege fakter, so drengen paa biten vart mest fælen. Best som det var, kom det ein med eit drykkjehorn og vilde skjenkja laget rundt. Han rette hornet til gamle Trond og sa:

«No skjenkjer eg han Trond.»

Daa tok guten vinen og slo ut yver deim.

«No skjenkjer eg dykk alle,» sa han.

I det same vart ljoset sløkkt; trolli sanka i hop tolorne sine og fór ut or huset det snøggaste dei kunde, og til fjells bar det.

Aaret etter daa jolaftan kom, flutte folki ut som dei var vane. Men drengen lagde seg daa attum eldstaden med ei byrsa som han hadde ladt med ein sylvknapp. Daa det leid utpaa kvelden, kom huldrerne, og dei sette seg innaat bordet. Daa sigta drengen paa hovdingen og skaut. Hovdingen sette i eit ramskrik og seig ned fraa bordet. Daa vart det ende paa leiken. Huldrerne spratt upp fraa benkjerne; dei tok liket med seg og fór paa dør, so fort som dei kunde. Sidan hev dei aldri kome til Randa og hadde jol.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *