Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Jolehuldrene

Det leid imot jol eit aar fyr vel ein manns-alder sidan. Folk hadde bryggja og baka, og daa var det berre att aa vaska reint, so var alt reidugt til jol. Dei rødde um jolehuldrerne, at dei snart vilde koma framum, og alle som hadde gjort fraa seg bryggjingi, laut setja av ei bytta med øl aat huldrerne. Gjorde dei ikkje det, so kunde dei venta ulukka paa huset med helgi.

Han gamle Kristen var alltid ein prakkar. Han kunde ikkje unna jolehuldrerne ølet. Det var nog ikkje fritt at han kjende ank paa seg daa han lagde seg um kvelden. Um joledags-morgonen fekk han sjaa kor gale det var. Med same han kom ut, fekk han sjaa kyrne sine; det kom springande or marki paa snøen. Ei lukka var det at dei kom heim alle. Han var ikkje det minste i tvil um kven som hadde løyst kyrne hans og jaga deim av, og han visste godt kva han skulde hava det fyre.

Daa vart han Kristen retteleg harm og svor paa at han vilde hemna seg. Daa det leid imot kvelden, fekk han sjaa eit kvende som stod utfyre glaset. Ho saag noko underleg ut, og han var stød paa at det var ei huldr. So treiv han byrsa si og ladde og sprang ut. Daa skotet gjekk, skapte kvendet seg um til ei padda, og han raama ikkje. Ho hoppa av stad og var snart burte.
Daa skyna han Kristen at det ikkje kunde nytta aa leggja seg ut med huldrerne. Og sidan forsømde han aldri aa setja ut øl aat deim til joli.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *