Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

 

Joli og joleskikkane

(«Skogin» fortel)

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Etter å ha besøkt han og snakka med han om «gamletidi», sette eg meg trast te skrive upp det meste av sogone. Her er ei av dei:

Joli og joleskikkane

Joli og joleskikkane fekk no ein umgang. Te jol skulde dei stødt bryggje øl i gamle dagar. Men dei laut passe på at dei ikkje gjorde det den dagen solkverven var. Bryggja dei den dagen, kunde dei vera visse på at ølet kasta seg (3: surna og vart vondt). Same-eins var det med kakebaking. Deigen skulde surna um dei vågde seg te baka solkvervdagen.

Te jol skulde dei og køyre te ein stor barkost og leggje upp ute i garden. Jolegeiti skulde ha noko å gøyme seg i, sa dei gamle.

So skulde dei te jol støype nokre digre joleljos, so lange som te olbogen på ein vaksen kar. Brann desse um joleftan beint og klårt, var det eit godt mark; men ugreidde dei seg på ein eller annan måte, var ein feig innan næste jol.

I joli skulde nissen ha dugeleg med mat og drikke. Gamle Nordåk-mannen trudde so visst på nissen. Um joleftanskvelden sa han te folket sitt:

«Set no fram mykjy både mat o drikke på bore, so nissin kann ha nok å ta tå!» Det vart gjort i daglegstoga.

Ein som tente på garden, stod uppatt på kjøkenet etter at hine hadde lagt seg og åt og drakk. Um morgonen såg Nordåk-mannen at det hadde minka på maten. Då sa han:

«No ska du ha takk før de at du ha forsynt de o take tå di so va!»

Når jolebandet var uppsett, skulde dei sjå vel etter um det kom sporv i det. Sette det seg mykje sporv i jolebandet, vart det godt år. Vart det lite sporv i jolebandet, kunde ein vente naudår.

Annandag jol var det fast skikk å køyre andagsskjei. Då skulde alle som ut kunde koma, køyre te vener og kjenningar. Når dei kom fram, fekk dei øl, skjenk og mat, ofte kake og lefseklining. So bar det heim. Då kappkøyrde dei stødt når det var høve te det. Det var friske hestar og spræke karar som var på prat når mannfolki møttest.

Etter non (kl. 4) var det helg alle dagar millom jol og nyår.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *