Internt referansenummer: 01.10.2010-A

ilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Jomogutane

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde, og er tatt av Anders Beer Wilse.

Jomoen var ein husmannsplass under garden Dorrås borti Fjellbygda. Ein plass som er borte for lenge sia. I denne plassen voks det opp 2 kull med Jomogutar. Faren åt første kullet heitte Jon, og det var vel han som gav namnet åt plassen. Ein av sønene heitte Benjamin, han fekk plassen etter faren, men seinare kjøpte han ein av Dorråsgardane. Benjamin var far til andre kullet Jomogutar, heile 6 stykke: Ola, Edvard, Bendek, Petter, Raffel og Matæus. Var ikkje det namn med song i? Og gutane svara til namna. Dei voks opp i plassen. Ein kan vel undrast på etter alt som er skrive om sveltihel i husmannsplassane at det på ein slik stad kunne vera vokstervilkår for 6 slike kjempekarar? Det skulle vera livleg på Jomoen i den tida dei voks opp. Han Ove Dorrås, gardmannen, måtte somtid dit og halde kustus. Det kom bod etter han ein julekveld, da han kom inn på Jomoen, sto han Bendek oppå bordet. Ein dag det var tømmerfløyting i Øysterelva, kom fløytarane opp i garden på Kaldal. Der vart det krangel millom brørne Bendek og Matæus, og Bendek var så sint at han hoppa opp og ned på dørabrua. Men brua var gammal, og han Bendek var tung, og rett som det var der gjekk han igjennom og ned, det var berre skjegget som stakk opp. — Dei var store alle desse brørne, men størst var han Bendek, han gjekk under namnet Stor-Bendek.

Hardkarar var dei og. Det er fortalt om Bendek at ein dag han var på vedhogging hogg han seg i handa. Han hadde vottar på seg, og hadde ikkje tid til å sjå etter kor stor skaden var, han berre dreiv på og hogg. Da han kom heim, rista han votten av seg, da datt det ut ein litlfinger.

Det var oppdrift og i karane, 4 av dei fekk seg gardar: han Petter, han Edvard, han Matæus og han Raffel. Bendek hadde ein husmannsplass.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *