Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

 

Jon Eriksen Østenheden var 17 aar
daa han gjekk i krigen

Jon Eriksen Østenheden var 17 aar daa han gjekk i krigen. Han fekk ein gamal soldat, Lars Millomgard, til aa læra seg det meste taa eksisen, og so slo han seg med. I eit slag hadde han kome for seg sjølv, og visste so ikkje av nokon ting fyrr det ropte han skulde gi seg til fange. Han saag upp, og der fekk han sjaa nokre svenskar. Han snudde og tok kuten det fortaste han vann, og dei skaut skot etter skot paa han. Ei kule gjekk gjenom lua hans og svidde atti so han stupte. Han visste ikkje anten han var skoten hell ikkje; men kjende ikkje noko. So spratt han upp att og langa i veg. Daa høyrde han ein svenske ropte, at det nytta ikkje aa skyta paa baggen. Um dei so skaut aav han paa midten, so grodde stubbane i hop att og tok kuten. Med han no rende slik, trødde han ned i eit myrhot og miste eine skoen sin; men han gav seg ikkje tid aa ta han upp att, berre rende paa til han kom seg inn i eit tett skogsnar, og der kom han fraa svenskane. Med han so gjekk og pusla attende aat sine eigne folk, kom det ein svenske rennande. Han var jaga av norske, og so kasta han børsa fraa seg, so han skulde koma seg fortare undan. Han Jon hadde ikkje ladd, og svensken laut faa renna for honom, for no var han so utmasa han hadde nok med seg sjølv, og til med drog svensken paa den kanten han Jon kom ifraa, so dit hadde han ingen ting aa renna etter. Tok so med seg børsa aat svensken. Enno fann han ikkje att kameratane sine, men kom daa fram til ein gard, der han fann folk. For no var han so sliten han orka ikkje lenger utan mat. Mat hadde dei ikkje; men kunde han finna eple ute paa aakeren, fekk han ta der. Han utpaa og grov upp nokre eple store som børsektilor. Men han kokte deim og aat seg mett.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *