Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Jon Hegg vart utskriven til krigen…

Han var fraa Borg og budde der daa han vart utskriven til krigen. Han laante med seg ei børse fraa Kvea, og so møtte han upp i Elvrom. Der laag dei fyrst paa eksis ei stund sprettkalde vinteren, og dreiv daa mykje med skiveskyting. Krutlorten spekna i børsa, so dei laut tina upp att rett som det var. Daa det leid paa litt, bar det utover stil Solør. Der dreiv dei daa ofte med kaprenning, og daa var tryslingane alltid dei beste til aa ta seg fram i skog og ulende. So var det nokre trønderar som var svære karar til aa ta seg fram. Det stod ein laave midt i ei bratt egg ein staden paa austsida aat Glaama. Der laga trønderane ei slags bru fraa egga og paa dette laavetaket. So drog dei upp i egga og rende aat over brua og laavetaket og vidare heilt ut paa elva. Dette torde tryslingane ikkje gjera etter. Attaat dreiv dei mykje med aa kneppa rygg, og daa var han Jon Hegg og han Knuts-Gjermund dei beste.

Men so vart det anna aa tenkja paa, for svensken kam. Ut paa haustparten laag kompaniet ute ved Eidskogen, og der kom han Jon med i hardaste kampen. Ein morgon skulde dei ut og ta svensken, og han Jon og nokre andre skulde ta ein umveg. Straks dei kom ut i skogen vart det springmars, for dei tok til aa høyra børsesmellar. Det bar avstad over ulende og blaute myrhol, so dei sume stader sokk nedi til knes. Her var det ikkje lenger tale aa halde seg saman, for dei høyrde kvar striden gjekk, og so var det berre aa ta seg fram so fort ein kunde og slaa seg med, det. Han Jon kom snart for seg sjølv, og fann ein liten vegsti han rende etter. Vegleia kjende han ikkje; men smellane vart fleire og fleire og sterkare og sterkare, so han visste likevel han hadde rett lei. So sprang han paa. Og hissugare og hissugare vart han, og rende paa, so han sansa ingen ting fyrr det ropte han skulde staa. Der hadde han kome like mot ein hop svenskar, og dei stod med børsa ferdug aat’n. Her var det ikkje lang tid aa tenkja um paa. Det var anten aa gi seg til fange eller aa ta kuten det. Han kasta augo braatt i kring seg, og saag det var nokre digre mastefurur attmed der. So tverkasta han seg bak den eine. Kunde han berre faa deim til aa skyta tur børsane sine, so skulde han alttids koma unda sidan. For han var so styggeleg hard til aa kuta han Jon, so daa han var heime dreiv han og kappkutte med hestane paa sletta. So heldt han seg bak furua og peikte fram med børsa, og fekk den eine etter den andre til aa skyta paa seg. Daa han saag dei tok til aa la att, rende han aat ei anna furu, og so skaut dei tur dei andre. So no trudde han dei ikkje hadde att ladd børse, og sette paa sprang. Han saag seg med det same attende, og fekk sjaa ein stansa og lyfte børsa. Daa tverkasta han børsa uppaat han Jon, og skaut so svensken datt. So drog han i vegen att og svenskane etter. Han skulde snart ha kome undan; men der kom han aat ein sjø. Han fekk høyra det sidan det var Aaklangsjøen. Han svingde langs etter sjølandet, men kom aat ei vik so vegen var stengd. For der kom nokre taa svenskane midt imot han. Dei kjende lendet dei, og so hadde nokre skraadd over aat vika og stengde derifraa. Og beint innetter var leja stengd med ein høg skaaskigard, so dei vilde vira der innan han naadde skigarden. Daa var det ingen veg undan. Han laut gi seg til fange. Men børsa vilde han ikkje unna deim. Han saag sjøen var langgrund, og tenkte som so: Kanskje kjem eg her att som fri mann enno ein gong. Dermed greip han børsa ytterst paa pipa, svingde til og kasta henne so langt ut i sjøen han kunde. So vart han teken. Han løyste paa reima med sabelen i og baud dei baade den og kruthornet. Men daa lo dei. Han hadde gøymt børsa si so godt, so no trudde dei det ikkje var so faarleg, um han hadde att musjonen so lenge til dei kom fram. So bar det same vegen attende. Men der kom dei ikkje langt, fyrr det ropte: «Hurra! Gaa paa mars!» Det var ein trøndersersjant med ein 10-12 mann. Han hadde kome so reint uventa paa svensken, so det var ikkje tid aa dra seg attende, og no var det so mange taa dei han vilde bli teken til fange, dersom han ikkje fekk narra deim. So ropte han «Gaa paa». Svenskane vart so kvemsne dei kasta børsa og gav seg over, for dei trudde det var eit heilt kompani. Men daa den svenske sersjanten fekk sjaa det var berre eit halvt tjug mann av nordmennene, vart han arg. Han hadde ikkje kasta børsa hell han som dei andre. Ein mann skulde han ta med seg i dauden sa han, og vende børsa mot’n Jon. Men han Jon var rask nok til aa tverrkasta seg mot svensken, fekk i børspipa og snudde den ned so skotet gjekk i bakken. Daa var trønderane der og. Føraren deira sette børspipa mot bringa paa svensken, og spurde um han ikkje no vilde gjeva seg over. «Nei!» sa svensken. «Ja du kjenner loven likso godt du som eg,» sa trønderen, «eg spør ein gong til, og svaaraa du itt daa ja, so smell det!» Og svensken var so hann han svara nei. Daa vart han skoten.

«Je tykkjer enno je sir høss det ene benet hass valt ovapaa det andre, da han valt aat bakken,» sa han Jon, daa han tala um dette sidan.

So var han Jon fri mann att. Men skolaus var han paa eine foten, for daa han rømde undan for svenskane, hadde han mista eine skoen sin i eit blauthol. Han drog eine skoen taa svensken; men den høvde ikkje til foten, og so laut han gaa slik han var so lenge. Dei skulde no avstad med fangane. Han Jon hadde no ikkje større aa ta seg for fyrr han fekk att børsa si, tykte han. Slaget var no slutt, og so fekk han med seg ein taa trønderane i ein baat som laag attmed landet der, og børsa fann dei straks. So gav han seg med trønderane attende aat lægret. Paa vegen fann dei tri særde svenskar som bad um mat og tobakk. Ja mat hadde dei ikkje med seg der; men tobakk fekk dei, og so vart dei tilsagde dei berre kunde sitja der so lenge, so skulde det snart koma hest etter deim, og daa skulde det nok bli mat og stell aa faa. Lenger fram naadde dei so att eit kompani med ein heil brote fangne svenskar, og so vart dei i fylgje med dessa. Fyrst ut paa eftanen raakte han Jon atti folket sitt. Dei hadde vore lengst fram i striden og kom difor sist att. Daa var det burte 4 taa kameratane hans. Med dei so kom attende aat lægret, kom obersten ridande i firsprang paa den kvite hesten sin. Daa hadde han alt vore uppum Kongsvinger etterpaa slaget han. Og so tala han aat soldatane: «Saa glad har jeg aldrig været siden jeg blev født,» sa han, «for i dag har jeg set at med slike soldater skulde man kunde slaa selv den franske arme i bunn og grunn !»

Han Jon tala paa løytnant Norgren; det var slik ein røsleg og sterk kar. Ein gong hadde norske og svenske offiserar kome saman og heldt kalas paa ein gard. Dei hadde vorte uvener ut paa natta, og so kom den eine svenske offiseren etter den andre med hovudet fyre ut gjenom døra. Norgren hadde kasta ut deim kvar einaste ein.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *