Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Jon Sveå

Jon Sveå — eller Småbrauten — budde på Skei i Surnadalen. Han var «runekall» sa det, eller bygdedokter. Han kunde «gjere åt», «stemme blod», «ha i led» og «vise att».

Ildrid Torset i Rindalen var mykje kleinvoren av seg då ho var lita. Faren hennar, Jon Torset, fekk Åge Torset som skulde eit ærend på Surndalsøyra, til å gå innum til Småbrauten når han skulde heim att. Åge so gjorde. Han fekk eit lite glas med nako på; «men,» sa Småbrauten: «glaset må ikkje sjå dagsens ljos for gjenta hev fått det. Når ho so hev smurt seg med dropane ein gong, skal dykk brenne resten.» Dei so gjorde. Og Ildrid vart god att.

Ola 0. Romundstad, Rindalen.

*     *     *

Ei kjerring heldt på å blø seg i hel. — Dei søkte råd hjå Jon Sveå. — Då han hadde høyrt bodet, sa han:

«No er kjerringa god att.»

Då dei kom heim, kunde dei heime fortelje at blodet hadde stogga nett då Ola hadde sagt det.

Marit Midtstuen, Rindal.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *