Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Jonas Stærk

 

Den største og sterkaste av dei sterke var no likevel han Jonas — Jonas Stærk, som dei kalla han. Eg trudde dette Stærknamnet kom frå styrken hans — ja, det er ei forteljing om at det var kongen som gav han namnet da han var soldat — men no seier dei at han var frå ein husmannsplass borte i Jamtland som heitte Stærk eller Stårch, og han hadde namnet etter den. Ja, sonen hans — han Hans —kalla seg Stærk, han og, Hans Stærk. Jonas måtte vera fødd kring år 1800. Kring 1840 flytta han så frå fattigdommen i Jamtland til Namdalseid — om det no skulle vera mindre fattigdom der? Ei segn fortel om innstiget hans på garden Berre — segna er her litt utforma:

Det kom ein kveld i tida kring 1840 ein merkeleg kar inn om døra hos han Per på Berre. Det var audsynt at det var ein kjempekar. Og så var han no visst ikkje norsk? Nei, det kom snart fram at han var frå Jamtland og at han var ute etter arbeid. Men nett i kveld var han ute etter natt-losji — om han kunne få liggje her? Han kunne no gå på høylemmen og leggje seg? Han Per humra godt — nei, dei brukte ikkje å losjere inn folk i uthuset her, han skulle få seng. — Om vi har stor nok seng åt deg da, sa han. Han syntest sjå at det var nokolite til ruv på denne karen. Enda betre såg dei det da dei sette seg til bords kringom grautfatet. Dei skvatt litt da dei fekk sjå fingrane hans —dei hadde sett karar før, slike som han Nekolae Vassmoen, men dette, det! Og armane hans, kar! Ein slik gubbe trong kanskje grautfatet for seg sjøl?

Det vart ein artig kveld, det var rart, rommet kringom ein vart liksom større når ein fekk veta noko om dei som budde austafor skogane og fjella og! Han var dryg kringom midja, han der — hm — kva slags kvinnfolk skulle det vera som kunne ta omkring han? Enda meir storøygde vart dei da han reiste seg og gjekk ut frampå kvelden — enn han måtte snu smalsida til da han skulle ut gjennom døra!

Før dei la seg, hadde dei kome til at framandkaren måtte prøve å få seg arbeid på Åsneset, på Glasverket — dit kom det folk frå alle verdens kantar, både frå Biri og Gausdal og Tolga og Gøteborg — kvifor så ikkje ein jamt og? Han måtte vel kunne brukast til hest om ikkje anna? Dei vart ståande og stire rundt børa hans — ho vog 6 våg (108 kg), og da hadde han ete utor ho på heile turen heimanfrå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *