Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Jonndalssme'n


Nordafor der det bur folk i Jønndale nå, er det eit stelle som heiter Dalgarden. Der budde det ein gong ein sme' som har fått namnet Jønndalssme'n. Det ligg att haugar av slagg etter 'om der.

Da Jønndalssme'n var på eksis, hadde han forgått seg på ein eller annan måte, og skulde ha straff. Det var ikkje med mjukhand dei straffa i eksisen den gongen. Denne gongen skulde straffe vera tri slag tå kårun åt kapteine. Men kapteinen slo til så hardt fyrste slaget at kåra rauk tvert av. Og slaget var nok så ilt at han ba' for seg. Han lova at slapp han med detta, skulde han setja istand att kåra så fint at ein ikkje kunde sjå ho hadde vore sund. Og kapteinen gjekk med på det. Sme'n gjekk da burt i ei gardssmiu og gjorde kåra i stand. Og så godt gjort var det at ingen kunde sjå at ho hadde vore sund.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *