Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Jons-Kristofer og Gjermunds-jo

Jons-Kristofer og Gjermunds-jo fraa Heggeriset heldt seg mykje i hop daa dei laag ute. Dei var grannar, han Kristofer fraa Veststugus og han Jo fraa Gjermunds, og dertil haride dei gifta seg inn i slektskap med kvarandre. Ho levde mor aat den eine taa deim daa dei skulde i vegen, og so sa ho det aat han som var morlaus: «Ja, ho var sæl mor di, som slapp leva saalenge ho fekk sjaa son sin gaa i kria.»

Fyrr dei gjekk i fyrste slaget, gøymde dei pengane sine i hop, og gjorde den avtalen at dersom den eine fall, skulde den andre ta seg taa pengane og faa deim med heim att.

Han Kristofer vart hardt saara i eit slag. Dei hadde fyrst jaga svensken attende, og daa dei hadde faatt han paa flog, spurde kapteinen um dei ikkje vilde vera med og jaga paa, og so bar det i vegen med deim alle att. Daa dei kom eit stykke, hadde svensken sett ein kanon ladd med smaakulor midt i vegen til aa ta dei norske med, naar dei kom etter. Han Gjermunds-Jo kom fyrst. Han fekk sjaa dei tende paa kanonen, og fekk so vidt tid til aa kasta seg taa vegen fyrr skotet kom. Han Kristofer kom litt etter, og han stupte. Han Jo fekk sjaa dei andre vart burte, og laut daa ta ein umveg attende, elles hadde han vorte teken taa svensken. Han kom attende aat dei andre, og kapteinen tykte han Jo saag so sturen ut, og spurde um han var saara. Nei, det var han ikkje, men han Kristofer, kameraten hans, var skoten.

«Hvad? Han andre Heggeriset? Aa langt ifra da. Han stod op igjen med det samme og sprang tilbake.» Det kunde daa ikkje vera so at han var skoten likevel daa; men burte var han.

No hadde det gaatt slik for seg med han Kristofer, han stupte for skotet; men samlinga hadde han. So kom han paa tanke at vart han no liggjande her, so vart han full teken taa svensken. Rende han no med det same, so kanskje han kunde vera god til aa ta seg so langt attende, han slapp unda svenskane. Han kjende det han vilde til aa daana, og so samla han dei kreftene han hadde og rende attende alt han orka. Han rende mest som i ørska, men likevel hugsa han paa det sidan, det han hadde halde tommelfingeren paa kruthornet, so krutet ikkje skulde renna tur. Han hadde mista tappen fyrr. Med han no rende soleis, kom det ei kule og tok naglen av fingeren. Han kom so langt attende han kjende seg trygg for svensken; men daa bar det aat med han, og der uvita han. Daa han kom til seg sjølv att, laag han i ei vogn; men trongt var det. Dei hadde sanka upp i sjukevogna so fort dei kunde og lagt uppi. Dei skulde skunda seg paa sjukehuset med deim og attende etter andre, so det var ikkje tid til aa sjaa so nøgje etter korleis dei laag. Der vart dei langa uppi nordmenn og svenskar um kvarandre. Han Kristofer lang undst han, med ein svenske over seg. Han tala paa det sidan denna turen var det verste han var ute for i heile krigen. Dei heldt paa og klemde livet tur honom, han som var halvdaud fyrr. Svensken døydde no fyre dei kom fram til sjukehuset. Han Kristofer prøvde gong paa gong aa vrida seg unda, men han var ikkje god til aa lea seg. Han naadde daa sjukehuset og fekk stell. Daa dei saag over, hadde han faatt ei kule i hofta og ei i leggen. Den i hofta hadde teke verst; men der vart han fyrst god att. Dei skar ut kula, og so grodde saaret vons fyrr. So var det den kula som hadde teke naglen av tommelfingeren. Den hadde nok teke med seg meir enn han Kristofer visste, for halvt ringfingeren var burte. Ja han var no like vis med det; men han trudde det maatte vera same kula.

Verre var det med den kula han hadde faatt i leggen. Saaret der vilde alder gro, og han laut halda det ope med ei erter all sin dag.

Kristofer hadde pensjon paa sine gamle dagar og døydde i 1870. Han Gjermunds-Jo døydde i1864.

Taa andre som var ute frua Engerdaden var Per Sørjota uppe ved Fæmunden. Han tala um det kanonane aat svensken var ikkje so faarlege, for nordmennene gøymde seg ein her og ein der bak stubbar og stein og laag og skaut, medan kanonane berre rasa ned gutur i tallskogen.

Jon Jonsen Hyllaraasen var i reserven. Han vart bodsend so seint han korn ikkje med i noko slag; men naadde fram med det same Matrandslaget var aavgjort. Han vart daa med og rudde slagplassen. «Men hau! det var fælt aa sjaa,» sa han. Velta kjerror og vaapn millom skamskotne folk og hestar. I ein søkk flaut konglane i blod. Han spurde dei som hadde vore med, um det ikkje var vondt aa gaa paa og drepa folk, og daa fekk han det svaret det hadde vore fælt fyrste salva dei skaut og saag svenskane fall, men berre dei hadde skote eit par skot, og saag sine eigne fall, vart dei so harde dei skaut paa svensken med same mod som dei skaut paa dyr.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *