Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

Jordfeste skattar

Under Brandflåget i Nordneslia (Saltdal) var nedgrave pengar. Folk hadde set det lyste av desse pengane kvar bidige haust og vinter i langsamleg tid; og medkvart var det slik styrke med dette ljoset, so det vistes blå-grøne skimret langt upp i Nesa.

I mine gluntdagar veit eg dei tala um å gang upp dit å grava; men det kom ikkje lenger, antan dei no ikkje tordest, enn kor det no meir var.

So var det ein haust det kom ein svenske over, ein som heitte Nils Petter. Det fyrste gav han seg til i Rusånes ei tid. Og alt medan hadde han fått å vita um pengane under Brandflåget. I Skirtorsdagshelga hadde han so vore på Stolpen åt han Pe og spurt han ut um dette. Dei hadde då vist han kvar dette pengeljoset var å sjå.

Um sumaren kom svensken til slåttkar hit til Nordnes. Ja, dentid vi var i Siriholmen, tok han til å få slik attlet i seg, at det laut finnast pengar der; og ei natt hadde han fått bror min med seg å grava. Han Per Simeon fortalde um denne spassasen so mang ein gong. Innan det bar til, hadde svensken pålagt han å vera tyst. «Als inte tala her, forstår du!» Ja, han grov på både eitt stelle og fleire, og gjorde so mange fakter, som han Per Simeon inkje fekk forstand på. Men pengar fann dei no ikkje.

Seinare på tida var denne Nils Petter med og bygde på kyrkja. Det var ein kar det var framferd med, so han stod ikkje fast med noko. På hausten skipa han seg til å fara aust; men innan det bar av Rognan, hadde han kjøpt hest. Kva han vilde med hest? hadde dei spurt. Han visste av ei pengekiste uppe i bygda, hadde han svara.

Og grave hadde det vore under flåget. Vi gjekk langs med der ein sundag og åt bringebær; og innåt ein høg stein var molda uppbauka, og i hola låg to års lauv. Og det klaffa til med tida da svensken for.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *