Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Jørgen Moe

(Prestane i Sigdal, Eggedal og Krødsherad)

 

Jørgen Moe var residerende kapellan i Krødsherad frå 1853 til 1863. Det var den tida slik som det er nå, at presten i Sigdal og kapellanen i Krødsherad hadde å vera prest i Eggedal vert sitt år. Nyårsdagen preka kapellanen i Holmen, medan Sigdalspresten var i Eggedal. Kapellanen vart aldri kalla anna enn Kryllingpresten.

Jørgen Moe 01

Jørgen Moe, foto ved Frederik Klemm.

«Ja, han Moe var ein måkelaus prest. Slik prest får vi vel aldri, og aldri har det vel vøri så god prest i kjørkune her som han. Når han la til å tala på det beste, så rann nok tårane på dei fleste.»

Moe var så fæl til å kjøre fort. Der han kom ifrå, hadde han kjørt med rein. Så vilde han komma like fort fram med hest her. Det var fælt så han jaga og kjørte. Men for dei sjuke hadde han stort hjertelag. Ho Ingebjørg Hamre, ho som vart så kjent i Hamresaka, lei så mykje vondt på det siste ho levde. Moe var innom til hennar så jamt når han var i Eggedal. Han lydde innom og snakka med ho lange stundir. Han hadde sagt det om ho Ingebjørg at ho nok hadde levd et fælt liv ei tid, men han var viss om at ho døde salig og vart lykkeleg.

Uti Sigdal var det ei kjæring som hadde fått det i sei at ingen andre fekk døype ungane hennas enn Moe. Ho vilde ha det til at han var be’re enn alle andre til det. Nå var det bare nyårsdagen Moe var i Sigdal. Uvær og kaldt var det jamt den dagen, men kjæringa kom med ungane håss været let. Ein gong hadde ho ein unge som var mest et år da han vart børi over dåpen.

Den siste nyårsdagen Moe tala i Sigdal, kom ho med ein unge som var bare nokon dagar gammal. Bitande kaldt var det, både ute og i kjørka. Presten syntes det var inga gjerd på å dra ut med små ungar i slikt vær. Da nemnte klokkaren om håss det hadde sei med kjæringa. Han fortalte at ho trudde Moe var be’re enn andre til å døype, så det var for det he, var kømi denna dagen. Da vart Moe heit. Han kalla kjæringa til sei i sakristiet. Der sa han ho meininga si. Det var uforsvarleg å dra ut i slik kjøl med slikt et lite kryp, og dåpen var like god håkke prest det var som døpte. Han kalla denna trua kjæringa hadde for overtru. Han bruka harde ord. Kjæringa gret til slutt.

Det døde ein mann på ein gard i Eggedal. Han hadde vøri sjuk i lang tid, men han hadde ikkje hatt doktor. Det var Moe som høldt liktala over denna mannen. Da tok han med i tala si at hadde mannen søkt dokter i tide, hadde han kanskje levd og vøri frisk.

Nå var han Krull-Asle, han var frå Flå, med i likferda. Han stod lengst uti flokken med’ presten tala. Moe la ut om hå gæli det var å ikkje ha dokter, og meinte at denna mann som døm gravla, ikkje skulde vøri død enda. Da snudde han Asle sei til ein ved sida og sa:

«Hann i mei, trur e’ ikkje han held på til han fær’n uppatt!» Han sa ikkje meir da. Da det lei om ei tid, var presten ferdig. Da snudde’n Asle sei til dei andre att:

«E’ var like sæl om alt, hadde e’ skallen til denna mann.» Han meinte presten.

Jørgen Moe 02

Biskopen og eventyrsamleren Jørgen Moe (1813-1882)
i xylografisk portrett ved Adolf Closs
etter et fotografi av Frederik Klem.

Jørgen Moe 03

 

«På fisketur».
Jørgen Moe malt av Christian Skredsvig i 1896.
Sønnen Moltke Moe skal ha sittet modell
i anledning rekonstruksjonen av sin
fars ungdomsportrett.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.