Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Jørund Nessa paa Nessa i Aardal

Jørund Nessa budde paa Nessa i Aardal og var ein bause til kar. I sume maatar var han ulik andre folk. Han var so urimeleg glad i gilde toleknivar. Fekk han spurt upp ein retteleg gild tolekniv, so agta han ikkje kor langt han laut ganga eller kor mykje han laut ut med naar han kunde faa i ‘an. Ein gong fekk han spurt at ein kar paa Aase hadde ein uvanleg gild kniv med eit vent lønerotskaft. Aase er øvste garden i Aardal aa kalla, uppe ved Hiafossen. Dit fór han ein laurdag og kjøpte kniven. Daa han kom ned att, var det nett so vidt han kom aat kyrkjo fyrr presten gjekk paa preikestolen. Han gjekk i kyrkja og sette seg til aa lyda paa presten; men best som det var kom han i hug kniven; daa laut han taka ‘n upp og sjaa paa han. «Ja men var det gild kniv,» sa han med seg sjølv, «men so var han dyr og.» Daa han døydde, var det eit heilt dryfttrog fullt av toleknivar etter han. Det snodigaste var at han ikkje gjorde stort med deim; han var helst trehendt.

Ein gong hadde dei ein fut som dei var yvergjevne av. Daa visste dei at kongen skulde fara denne vegen og koma innum Stavang. Jørund Nessa fór daa av stad og vilde finna kongen. Han raaka uti nokre som var i kongens fylgje; men kongen sjøl kunde han ikkje finna. Daa so kongsbaaten laag ferdug aa fara til Nedstrand, laga Jørund det so at han kom og bad um aa faa fylgja paa baaten. Det skulde han faa naar han vilde vera med og ro, sa dei, og glad var han.
No var kongsbaaten soleis laga at der var ei hytta som kongen heldt seg i, i atterskuten. Jørund Nessa skulde faa sitja lengst framme — lengst burte fraa kongen; der var dei minste og veikaste aararne. No vilde han gjerna koma nærre innaat kongen. Han tok i og rodde som ein kar, og rett som det var, knakk aari hans. Daa var det ikkje onnor raad en at han laut setja seg lenger bak; der var det sterkare aarar. Ei aar til vart nog avbroti, og Jarund kom paa den attarste tofta. So sat han der og glytte inn i holet til kongen, og daa kongen ein gong saag ut, ropte Jarund: «Naaduge herre og konge! Hjelp oss av med den vonde futen!» Kongen gav seg til aa røda med honom, og futen vart avsett.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *