Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992

Jul i ”gamle dagar”

Juledags morgon var der mykje rart i sokken.
Teikning av Odd R. Jørgensen.

Julesokk

Julekvelden er nå kvelden framfor alle andre kveldar i heile året. Slik har det vore så lenge eg kan minnast. Når lys og glitrande barneauge speglar seg i kulene på juletreet, då får den gamle men evig nye julebodskapen om Frelsaren som blei fødd og lagt i ei krybbe, nytt liv og ny aktualitet.

I mellomkrigstida var det vanskelig å få råd til meir enn det mest nødvendige, for folk flest. Då lærte vi å gle oss over småting. Vi, som var barn då, gledde oss trulig like mykje over ei lommelykt, som eit barn i dag gler seg over ein elektrisk bilbane.

Juletreet måtte ikkje pyntast før i kveldinga julaftan. Pynten var i eit stort treskrin med hengslelokk. Der var nokre store kuler som mor hadde fått av sin far då ho var lita jente, og ein engel med luftige klede. Der var band med perler i mange kulørar. Der var lekkjer med velselvis småkuler og englehår, papirroser og korger som vi hadde laga i lange førjulskveldar – og så flagg. Men det likaste av alt var nå toppstjerna som gjekk rundt og rundt og sa ‹kling, kling» når lysa blei tende. All denne herligdomen og meir til, kom omsider på plass på treet pluss ein del kjeks med engleglans på eine sida. Dei kunne henge til treet skulle haustast ei tid over nyttår. I Beste-morstova var det min jobb å stelle til eit mindre tre for bestemor som var gammal og låg til sengs i heile ni år. Når ho hadde vaska seg og greidd håret med nøyaktig midtskill — då var det snart helg. Då song ho med spinkel stemme ”I den søde juletid”, og om kvelden las ho i den gamle bønneboka som var så sliten at alle skarpe kantar hadde blitt runde.

Den første tida eg minnest, var det lite julegaver dei vaksne imellom, men eg, som var liten, skulle henge ut sokken når eg gjekk til sengs julaftan. På kjøkkendøra var laglig plass på låsen. Der skulle sokken henge. Gjett om eg var spent juledagsmorgon? Ein gong, eg trur endå det var i 1932, då låg der ei svart sparebøsse med gullrender i sokken. Inne i sparebøssa låg sjølve sparegrisen, men av marsipan. Den overlevde ikkje juledagane. Eit anna år låg der eit flat lommelykt i sokken, den første eg hadde ått. Det var vidunderlig å sjå kor lysstrålen for mellom takbjelkane når eg sveiva på lykta. Men, akk og ve, pæra gjekk sund same dagen, og ny pære blei det ikkje før far hadde vore til Kvås og handla mellom jul og nyttår. Pæra var dyr, men det fekk våge seg. Ho kosta 25 øre. Det var i denne tida ei vørterkake kosta 20 øre og eit stort brød 30 åre.

Sjølve juledagane var det ekstra stas med maten. I tillegg til lefse og julekake var det vaser og fat med «smaksprøver» av alle småkakene, og på kaffikoppane stod der: «Glædelig Jul’ med gullskrift. Fanst der sølvdekketøy i huset, skulle det brukast då. Det eg lika minst, var lutefisken som ein skulle plagast med etter preiketid juledagen, men det var nå bare «en overgang», som reven sa då han blei pelsa. Det var så mykje anna godt i denne tida. Appelsin og fiken høyrde jula til. Heimeavla eple hadde vi mange gonger, og av og til knallrøde eple som lukta og smaka Amerika.

Så kom julefestane med sang og gang rundt treet på skulehus og bedehus. Det var ekstra spennande dersom ein var så heldig å få halde i ei lita, varm jentehand når ein song «O Jul med din glede», for der var ei strofe om «å love å elske hverandre». — Det vaksne livet var nok ikkje så langt unna. Men draumen om barndomslandet vil for alle tider vere ei perle som glitrar i minnet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *