Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

Jul og årsskifte. 1933

På den tid va det ikkje så heilt vanleg å hå juletre i alle heimer. Som
bånlause folk ha Mari og Anton heller ikkje havt det enda, sia døm fekk
eigen heim. På den måtin vart det eit omskifte etter at eg kom åt døm.
Stor spenning og forventning vart det for meg da han Anton ein dag
skulle sø åt Lalmsbrue og handle lite ekstra te jul. Juletrepynt stod
da på papirlappen han skreiv ned på det han skulle kjøpe.

På butikkje sjå Helene og Iver Bragelin va det nok å kjøpe, men verre med kontanter blant folk.

Forondringspakka han kom att med, måtte ikkje opnast før på julekvelden, men så va spenningje tess større.

Barndomsjuletreet har større glans enn alt ein fekk sjå sia. Kanskje va
det fordi det va smått um all ting den gongen, eller fordi ein var
liten og full av undring, men så vakker julepynt som den oss da pakka
upp, såg eg aldri sia. Julefeiringjé va enkel den gongen. Ikkje radio,
eller någå anna som braut heimefreden. Di to vaksne og eg sat i høgtid
og berre såg på juletreet, og prata um den og den tingen, kå som nå va
penast.

Aller mest kjøm eg i hog ein liten rar tingest. Det va ein pastill-ask,
men til å hengje på juletreet. På den eine sia va det eit komisk
andlet, og på den andre eit lite vers:

«Du kom som en himmelens gave, så ny og naturlig, naiv, og først fløy du inn i min have, men sist fløy du inn i mit liv.»

Det er vel etter Herman Wildenvey dette, utta at eg ha fått sikker greie på det sia.

Fordi det va slik ro i heimen, utta någå framondt element te å
forstyre, kunne mange småe og store ting slå rot i sinnet, både sjå
unge og eldre.

Julehelgjé va fort overstått, og den jemne kvardagen gjekk sin gang.
Det hella fort mot vår att, og da det leid frampå, høyrde eg for fyrste
gong ordet merkjingsdag nemnt. Solé va attkome etté å ha vore burte
mange viku um vintern. Ho skein og vermde retteleg godt ein dag i den
logne roe der heimen ligg. Ho Mari skulle åt fjose att um eftan, og så
si ho åt honom Anton:

«Ja, det var nå ein pen merkjingsdag.»

Det va nok Kyndelsmessedagen dette, 2. februar.

Ofte va eg med å såg på når ho Mari «vandla» i aktarkorgjé si. Døm
floksa ikkje med høyet før i tiden. Det gjekk så høgtideleg for seg, at
ho porsjonerte åt kårt enkelt dyr. Den vandulen va åt ho Hjertros, den
åt Blidros, Påskeros eller til den og den kvige eller kalv.

Den eine høydotten, eller vandul, som døm kalla, skulle vera den andre
lik. Likevel heldt ho Mari greie på alt i korgen, ved at ho reiva høyet
godt ihop, og la vandulen i system.

Mang ein vilde vel stappa korgje på eit råm, men det gjorde ho Mari
aldri. Det å få fôret te å røkkje vinteren ut va så livsviktogt at døm
gjekk upp i det med både syn og sanser.

Ho Mari gjekk åt fjose presis klukka to um dagen for å gjeva «te nons»
som ho sa. Lite seinare var ho inne att ein tur, og så gjekk ho ut att
for å vatne og vandle. Det siste va å leggje ferdogt i korgjé åt
kveldsfåringen, når ho mjølka ein gong millom klukka fem og seks.

Når det som nå va ein fin merkjingsdag, va det god von um at våren vart
bra, så buskapen kunne bergast fram på grøn tuve att. Slik vart det au,
og snart leid det fram mot sæterreisa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *