Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Julekost

(Kjelde: Anton Nørjordet)

Vetl-Kleiven med huslyd heldt til på Gauparshaugen, ein plass under Gaupar. Det var nok smått med dei, og føre jul gjorde Gaupar’n seg ærend dit, skulle finne ut korleis det var i matvegen.

— Det er ingor sak for oss nå, sa Vetl-Kleiven. — Eg har vore på Sygard Aukrust etter eit pund grautmjøl, og akkurat nå er kjerringje sørpå Glømsdal etter eit spann med surmysu.

Det kom ei god matsending åt Gauparstugun den jula, etter det eg har høyrt.

Veitl-Kleiven kom på legd, og døydde einsleg i fjoset på Vangen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *