Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

 Juleselskap i midten av 1920-åra

 

Det var ei julehelg i midten av 1920 åra. Nabokona hadde spurt om ikkje mor og eg kunne kome ein kveld og smake på julematen. Eg kunne vel vere 4-5 år, og gledde meg veldig. Om julematen heime er aldri så god, så er der ein ekstra godsmak i andre sine kaker. Kanskje det også ville bli kakao til kakene, og ein sjokoladebit? I alle fall ein appelsin. Sikkert som amen i kyrkja.

Jau sann. Alt gjekk etter oppskrifta — for det første. I denne nabostova var der mykje fint. Folka hadde vore i Amerika. Då dei kom heim att, hadde dei med seg så mykje at dei måtte køyre ni vendingar til Agnefest med hest for å få heim alt, fortalde folk. Det finaste av alt, var eit vidunder av ein bufe. I den var der halvrunde skuffer med utkrota messingbeslag. Der var spiralforma søyler som heldt oppe to små firkanta hyller. Over hyllene hekk der to kjempestore sølvkuler og dingla. I sjølve sentrum var der ein diger, oval spegel med slipte kantar. Midt på golvet var der eit uttreksbord med fem dreia bein. Det femte stod under midten. Bordet rulla på små, kvite proselenshjul. Omtrent same slag hjul var der under den store, kvite jernsenga med blanke knottar av gull eller messing. På senga låg der eit heimevove plagg med gilde fargar. Sjølve stova var måla lys rød med okergult golv. Der var bare ei dør. Den var stor og tung og hadde heimesmidde ganjern og klinke.

Så var det juletreet. Det var høgt, smak og — av einer. I dei ytre og midtre delane av Lyngdalen var ikkje ”granalderen” komen, men nå var det like før. På denne tida var nok dei aller fleste juletrea ein meir eller mindre skakk og skeiv furetopp. Men her var det altså einer. Nå var det litt ut i helga, og eineren tok sikkert til å drysse litt.

Ennå hadde ein bare parafinlamper. På juletreet var der stearinlys. Dei måtte tennast etter maten, praten og appelsinen. Lysflammen kom farlig nær det tørre einerbaret, og VIPS. Der slo ein flamme opp langs treet, og før ein kunne telje til tre, stod heile eineren med kuler, papirroser og korger i lys loge. Kona i huset var ikkje av det seintenkte slaget, nei. Eldande fort var ho bortved senga, flådde av det gode, fine sengeplagget, heldt plagget framfor seg og braut det brennande juletreet i golvet. Det som kunne blitt ein katastrofe, blei bare ein episode. Elden var sløkt, men juletreet måtte på dør. Eg trur snautt dei hadde einer til juletre fleire gonger der i huset.

Eit anna juleselskap står også spikra fast i minnet frå barndomstida. Kanskje det kan vere fleire selskap som minnet har slått saman til eitt? I alle fall var eg liten, og vi skulle til tante og onkel på Jåddan. Det var to km å køyre med hest og sluffe, og her var knistrande kaldt. Far hadde ei stor døffels frakke med brunt pelsfor samansydd av utalliga små, mjuke, lodne skinn. Frakka gjekk under namn av «Pysen», og eg blei balla inn i denne så bare nasetippen stakk fram. Far likte alltid å køyre fort, og dumbjølleklangen høyrdest godt i det kalde veret. Av ein eller annan grunn fann han ut at vi skulle køyre gamlevegen om Lokland, Sidjanbrokkå og Dridarsteinan. Rett nok måtte vi over eit gjerde eller to, men det gjekk bra.

Inne i stova sat onkel i gyngestolen og totta på krokpipa. Han rette fram pipa til meg, og eg tok eit godt drag. Smaken av den ramme skråtobakken svei lenge på tunga, sjølv om eg prøvde å klore det vekk.

Tante og jentene stelte til maten. Masse gode kaker og kaffi med sukker og fløte i, og så tytebærsylt med ein ekstra godsmak som eg aldri har kjent andre stader. Smøret var så hardt og kaldt at tante hadde sett smørkruset med det fint utkrota smørstykket under omnen til «tining». Der hadde det blitt alt for varmt slik at det hadde blitt delvis «smelta smør». Ja lefse, gome potetkaker og søtost måtte der og på julebordet i tillegg til alle kakene.

Onkel hadde eit spesielt juletre. Foten var ein bitte liten avdanka slipestein. Sjølve juletrestammen brukte han år etter år. Det var ein høvelig trepinne med mange hol i. Når han stakk små grangreiner i holene, hadde han det finaste juletreet som tenkast kunne.

Men alle kveldar tar slutt, og det gjorde også denne. På nytt måtte eg ballast inne, og køyre heim til vårt eige juletre, som ennå skulle få lov å stå ei stund til. Det kan vok vere moro å kome seg litt ut i verden av og til. Men heimen er nå likevel det gildaste av alt — både for liten og stor.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *