Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Julsaltet og trua kring det.

I gammal-tida hadde dei åpen peis i alle stover. Her i bygdene vart det sagt at «det brinn frami stena». Der hang kokekara — malmgrytene og kaffikjelen på skjetljarnet.

Når dei brende på «stena» vart det ljost i stova og dei sat framfor elden og pusla med handarbeidet. Karane smia selepinnar, pølsepinnar, treskeier eller treauser. Kvinnfolka pusla med bundinga si, veven eller rokken. Kårkona laga rullar av ulla og samrøda gjekk.

Her vart den gamle tradisjonen halden ved lag. Sogene om tussar og mangt og mykje vart fortald.

I jula bruka dei å leggja ein saltneve på årehella julnatta. Juldagsmorgonen såg dei på dette saltet og tok varsel av det. Var saltet urørt ville det bli eit godt år både for folk og dyr på garden. Synte det merke etter dyrefot ville det bli skade på buskapen i det komande året. Var det merke etter mannefot ville det bli sjukdom «inna veggin».

Juldagsmorgonen tok dei godt vare på saltet som hadde legi natta over frami «stena». Gjennom året bruka dei så dette saltet til mykje og mangt. Dei tilla det magiske evner.

Eit gammalt ord seier:

– Julsalt gjer godt for alt.

Når eit sjukt dyr fekk noen konn av julsaltet ville det bli fort friskt att. Derfor tok dei gjerne ein god slump salt la frami «sten» julkvelden. Det kunne bli godt å finna gjennom året.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *