Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Juttulla

På Mek i Kvernes

Det va ein gong tvo småtause på Mek i Kvernes. Dessen tvo va søstre. Ein haust gikk dem å plokka ber. Da kom det ein mann riann bort åt dem. Å så spor 'n den eldst kva ho gjor på. (1)

«E plokka einbera blå
så Jesus sjøl sett korsen på,»

svarra ho. Så rei mann åt henna så va øngst, å spor kva ho heldt på med. «E plokka blå-ber» svarra ho. Så tok 'n ho på hesten, å ingjen såg 'å sia. Det va juttullen oppi Mekknokja (2) så tok 'å.

Lengje der ette sto ei gammel konnå frå Mek å skar bygg bortpå åkra sin. Da kom det ei stor padd (3) hoppann bort åt 'na. ’Na groa vart konnå ikkje kvitt. Ho hoppa omkring 'å. Ho prova å jaga 'å vekk, men det nøtta ikkje. Teslutt vart konnå lei tå 'na, å så sa 'o: «E ha hjelpt så mang, e kann vel hjelp de å.» No kom groa straks vekk.

Ein når daga ette kom ein mann inn i stuå åt konnånn å sa:

”Du får komma å hjelp konnånn min. Ho ska gjerra barsøl. Å du ha lovva å hjelp 'na.”
”E ha ikkje lovva det. E kjenne korkje de hell konnå di,” svarra ho.
”Kom berre å varra med no. Du ha lovva det,” sa mann. Så vart 'å med.

Da dem kom opp i Mekknokjen gikk dem inn i berje. Der låg konnå, åt manna på barsølseng, å den gammel konnå frå Mek hjelp 'na. Da bane va tekomme å alt va bra, så skull nerkonnå ha mat. Men maten vart så tør. Dem ha ikkje smør.

«Ha e nådd heim, så skull di ha fått smør,» sa konnå.
«E ska hent smør e,» sa mann.

Å så vart det sagt 'n kvar han skull finn smøre, å kva stykkje han skull ta med. Da 'n kom tebakkers ha 'n berre eit lite smørstykkje med.

«Det va ikkje 'ta stykkje du skull ta, men det anner,» sa konnå.
«E kunn ikkje ta det stykkje e, det va sett kors på det,» sa mann.

Da konnå va ferdig å skull ga, sa barsølskonnå åt 'na.

«Du får pass de når du går ut, å skund de attom døra, for mann min kasta allveg eld ette alle så går ut her.»

Konnå skunda se attom døra, å straks kom ein brann ette 'na.

«Brent e de?», spør mann.
«Nei,» sa konnå.
«Det va bra det,» sa 'n.

Ei ti derette skull den eldst søstra gift se. Bryllaupe sto på Mek. Ein mann så skull åt bryllaupa gikk over fjelle frå Boddala te Mek. Da 'n kom, va bryllauphuse fullt tå folk. Han fortelt dem at det hendt 'n nokkå rart oppå fjella i dag. Han hørt ein så ropa åt 'nå:

«Hør du mann som på veien går, med kvite vanter med sorte tommer på. Når du kjem inn i bryllaupshuse på Mek gård, da ska du sei ti Sipp Sapp at Tipp Tapp er falden i ilden.»

Da 'n ha fortelt det, vart det slik rusking å pusling 'punne bryllaupsborda. Døra vart åpna å havt att likså tå se sjøl. (4) Å så vart det stilt att. Brurpare sat i høksetta. Dem vart no vart ei fin sølvkann så sto myllå dem på benkja. Na sølvkannå vart lengje i slekten på Mek.

(Gjemnes)

(1) I oppskrifta: kva ho bestilte.
(2) Mekknokjen, eit fjell ovafor Mek.
(3) Vi segjer vanleg: Gro
(4) Det va truleg syster åt brura så for ut, ho så vart teken inn i Mekknokjen. Ho var det vel som fekk barnet å, da den gamle kona på Mek vart henta opp i Mekknokjen. Siste delen se E. Langset. Norsk Folkedikting for born. I p. 9. Oppskrift fra Kornstad.

På Straumsnesmål etter ei oppskrift av lærar Jens Gimnes, dagsett 10. mars 1922. Oppskrifta er på eit blandingsmål. Bestemor hans, han skriv ikkje namne hennar, hev fortalt han detta, då han var ung. Han hev samråd seg med syster si, at oppskrifta kunne bli så rett som råd var.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *