Internt referansenummer:B-000022
Kilde:
Segner – Gåter – Folketru Frå Nordmør
Av: Edvard Langset
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 61
OSLO 1948
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Edvard Langset

Juttulla

Tingvollkjerkå


Det va to juttulla så tok på se å byggje Tingvollkjerkjå. Det skull dem få sola å måninn for. Så tok dem stein i Kjerkjeberja, tvert over fjorda innafor Angvikjen. Å den stein kom over fjorden om natta. Men dem bygd kjerkjå om dagann. A stein skull varra saga med sag, før 'n kom over.

Da dem va mestå ferdi med kjerkjånn, så vart presten så bestyrt, for dem skull ha slik lønn. Så va det ein dag presten va ut å gikk ein sving. Så kom 'n fram-med eit berg. Å der inni fekk 'n hør eit lite ban så jamra å gret så. Så sa 'å det, mora:

«Hysjt, bane mitt. I morgå kjem 'n Vindfløy å 'n Jamne med sol å måne åt bana.»

Så visst presten namne derras. Å den da'n dem heldt på å sett opp fløya på tårne, så gikk presten opp åt kjerkjånn.

«Di må agt derre nå, Vindfløy å Jamne, så di ikkje falder ned,» sa 'n.

Med det sommå datt dem ned. Å så slo dem se i hel.

(Øre)

Fortalt til Edvard Langset den 6. juni 1916. Skomakar Lars Ingebrigtsen Torvik, høyrt det av far sin. Ei oppskrift på Ulvundeid i Langsets Norsk Folkediktning for born, I. p. 14.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *