Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Jutulen

Jutulen bur i bratte berg, helst langt til dals. Det treffer seg at folk kan sjå jutulporten open, so dei fær kike inn i halla hans. Men der hev han det fagert med blanke sylvjosestakar med blinkande kjerter i, våpen av beste slag og mat og drykk i rikeleg mun. — Er han ute og køyrer, so er det med den stautaste hesten og det finaste seletyet som ein kan sjå for augo sine. Og køyrer gjer han like godt over hav og land, over berg og dalar, ja, gjenom lause lufta.

M. B. 1901.

Jutulen på Duvåsen

So seier segna at det var ein gong der sat ein jutul uppe på Duvåsen og såg ned i Rindalen og Surnadalen. Då vart han var at geitene hans heldt på å kome åt åkrane burte i Almbergsliene. Det lika ikkje jutulen, og so tok han nokre digre steinar og grytte i veg. Han tenkte han alltid skulde få geitene frå åkrane. Um det lukkast for han eller ikkje, er det ingen som veit; men visst er det, at steinane, som jutulen kasta, ligg der enda. Den eine av dei er so stor at ein lyt ha stige for å kome upp på den.

Fra Rindalen

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.