Kilde
Norsk Eventyrbibliotek – Band 3
KONGSDOTTERA I KOPPARTÅRNET
Eventyr frå Trøndelag
REDIGERT AV:
Brynjulf Alver
Reimund Kvideland
Olav Bø
Mortan Nolsøe
DET NORSKE SAMLAGET OSLO 1970
Klikk her for å lese «Føreord»



JUTULEN OG HOLOGUTEN

Attmed gården Holund er det eit stort berg, Holoklumpen dei kalla. Der var det ein gong ein jøtul som hadde heimen sin. Han skulle vera så overlag rik. Holund var da berre ein husmannsplass. Der budde eit parfolk som hadde ein son, og han var så ustyren av seg at han visste mest ikkje kor gali han skulle gjera. Ein gong hadde han gjort noko retteleg gali, og så sa faren åt han:

«Du sluttar no ikkje med slik galskap før enn du kjem åt jøtulen.»

Det er best eg reiser straks da, tenkte guten, og så gav han seg i veg. Da han kom opp på bergklumpen, råka han jøtulen, og dei vart såleis forlikte at guten skulle bli dreng hos han.

Det første guten fekk sjå da han kom inn i berget, var ei blind kjerring.

«God dag,» sa guten da han kom inn, og tok av seg huva.
«God dag igjen,» sa jotulen og bad guten setje seg. «Det er kjerringa mi, det der,» sa jotulen og peika på gamla, «ho er blind, og difor må du ikkje leggje noko i vegen for henne, og så må du vera grom åt henne.»

Ja, det lova guten ut.

«Kom no, så skal vi bera ved,» sa jotulen.

Da dei kom åt skytja, var kvar vedskia så stor og tung at guten ikkje vann løfte ei, langt mindre fleire. Han plukka da berre i hop nokre fliser som hadde sprotti av da jøtulen hogg ved.

«Kvifor tek du ikkje ved liksom eg?» sa jøtulen og vart reint galen.
«Jau, det skal eg fulla seie deg,» sa guten, «skulle eg ha teki ved, hadde eg teki alt som er i skytja, og det hadde vorti leitt åt kjerringa di, for da hadde det vorti noko å snåve i, difor tok eg berre noko spik, og det kan vera godt å ha når ho skal tenne opp.»

Jøtulen skulle no tenne opp elden, men det ville ikkje brenne. Så la han til å blåse, og han bles så sterkt at guten flaug under råvet.
«Kva er det du skal så høgt, din tosk? Enn du kjem utover kjerringa mi,» sa jøtulen og var så galen at han skalv.
«Eg skal berre sjå åt om her er lite never så du kan få tenne opp med,» sa guten, han var så blid da han fór og skrapa under råvet.

Kjerringa heldt på laga til ost, og så fekk jøtulen og guten kvar si kjesmus. Kjesmusa var så stor at guten vann ikkje eta opp helvta eingong, men han gjømte det som var att i barmen, for han meinte det var fulla godt å finne jøtulen gløypte i seg si med ein gong, og så tok han seg ein forsvarleg sup med kvitmyse etter.

«No må du komma, så skal vi ut og treskje,» sa jøtulen.

Guten tok huva si og gjekk etter han åt låven. Kjesmusstykket hadde han attmed ein stein utfor låvedøra. Jøtulen tok fram to sloger og let guten få den eine.

Det er da underleg kor små sloger han brukar, han som er så sterk, tenkte guten.
Når kornbanda var framlagde, tok dei da til å slå, men jotulen slo så hardt at banda flaug omkring i løa. Men da jotulen såg at dei banda som guten slo på, låg like stille, sa han:

«Du må da slå like hardt som eg.»
«Eg slår da enda hardare, eg,» sa guten, «banda sprett da opp når du slår, men eg slår så dei blir liggjande der dei ligg.»

Jøtulen provde å slå enda hardare, men banda spratt enda verre. Da vart jotulen galen og tok ein stein som han kleip i stykke mellom fingrane.

«Eg er fulla sterkare enn du likevel, eg,» sa han da.
«Å, det kan fulla komma an på det,» meinte guten, «liksom ingen kunne gjera såpass.»

Han retta seg ut gjennom låvedøra og fekk i ostestykket, og så kleip han det mellom fingrane så mysa rann.

«Gjer meg det etter,» sa han.
«Det kan vel ikkje vera verre for meg enn for deg det,» svara jøtulen og tok ein flintstein som han kleip så stykka spratt, men det korn ikkje dråpen.
«Du er vel sterk likevel,» sa jøtulen da. «Du får gå etter litt vatn åt kjerringa mi,» sa jøtulen og viste guten eit par bøtter, men dei var så store og tunge at guten nesten ikkje kunne løfte ei av dei om ho så var tom.

«Eg kan da vel ikkje gå og dilte med desse små bøttene,» sa han, «lat meg få eit par skikkelege bøtter, så skal eg bera heim heile kjelda med ein gong.»

Nei, da ville jøtulen heller bera vatn sjølv, for dersom heile kjelda vart heimboren, kunne kjerringa dette nedi og blive.

«Du kan heller gå og gjete kyrne, du, så skal eg bera vatn.»

Da guten kom bort i skogen med kyrne, tok han bjølla av bjøllekua og hengde opp i eit tre, og så skar han rumpa av alle dei andre kyrne og stakk dei ned i myra. Men kyrne jaga han heim åt foreldra sine.
Da han hadde gjort det, gjekk han åt jøtulen og fortalde at alle kynne hadde gått seg ned i myra så nær som bjøllekua, ho hadde fari til vers. Jøtulen skulle da sjå åt om det var sant, og da han kom bort åt myra, fekk han sjå at berre rumpa av kyrne stod att. Han skulle prøve å dra dei opp og tok i av all makt, men datt baklengs så det klask i myra. Jøtulen som trudde at han hadde sliti rumpa av alle kyrne, vart reint storgalen.

Da det vart kvelden, skulle dei inn og få kveldsverd.

«Du er vel ein strid kar til å arbeide, men kappeta med meg kan du no ikkje likevel,» sa jøtulen.
«Det skal vi nappast om,» svara guten, og så var han av stad og fekk i ein sekk som han feste oppunder trøya. Kjerringa hadde kokt eit stort fat med feit rommegraut, og no bar det til å eta. Jøtulen var sopen og tok til seg så det forslo, men guten vart verre likevel, han, for han auste i sekken.

Da jøtulen var godt mett, såg han bort åt den kanten kvar guten åt, og da han fekk sjå at guten hadde gjort eit større hol i fatet enn han, børja han på nytt lag. Men guten vann over han i grautfatet også.

Da dei hadde lagt bort skeia, børja jøtulen klaga seg føre at han hadde eti seg klen. Han gjekk og jamra seg og heldt seg på magen med båe hender.

«Det er nok ikkje fritt for at eg også er litt klen,» sa guten, «men det veit eg så god ei råd for.»

Jøtulen ville da gjerne få høre den råda, og så skulle han følgje med guten ut og sjå korleis han bar seg åt. Da dei kom ut, tok guten ein kniv og skar hol på trøya og sekken så grauten valt ut. Jøtulen stod reint forferda og visste ikkje om han torde bruke den råda. Enden vart at han ikkje våga på det.

Om natta skulle guten liggje oppå loftet. Jøtulen og kjerringa låg nede i stova, og når dei trudde at guten hadde somna, tok dei til å snakke om korleis dei skulle bli fri han.

«Når han no har somna, skal eg taka storslegga mi og gjera det av med han,» sa jotulen.

Dette låg guten og hørte på. Han gildra seg ut og tok eit tran med frau som han sette ned i senga, og så steig han attanom muren. Han hadde ikkje stått der lenge før enn jøtulen kom gildrande opp med ei stor slegge og slo til senga så det skvatt. Så gjekk han og la seg att, og no meinte han dei skulle vera fri guten.

«Korleis gjekk det?» spurde kjerringa.
«Han gav ikkje ein lyd frå seg,» svara jøtulen.

Da jotulen vakna om morgonen, hadde guten bori ut trauet og låg no i senga.

Da jotulen fekk sjå at guten var like frisk som om kvelden, vart han reint opp i under.

«Har du kjent noko i natt?» spurde han.
«Nei,» sa guten, «eg tykte det ein gong var ei loppe som beit meg, men elles har eg sovi godt.»
Da vart jøtulen så redd at han stod og skalv.

«Eg har no ikkje meir arbeid åt deg,» sa han, «og difor er det vel best du reiser. Du skal få så mykje gull som du kan bera viss du vil reise.»

«Å nei, eg skal vera nøgd når eg får så mykje som du kan berg,» sa guten.

Jøtulen la da på seg så mykje han orka bera, og følgde med guten til dei såg plassen. Der kasta han ned gullet og sa at no kunne guten bera det sjølv.

Kven som var mest glad, anten jøtulen eller guten, veit eg ikkje. Guten og foreldra laut bera lenge før dei fekk alt gullet heim.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.