Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Jutulen

Jutulen bur i bratte berg, helst langt til dals. Det treffer seg at folk kan sjå jutulporten open, so dei fær kike inn i halla hans. Men der hev han det fagert med blanke sylvjosestakar med blinkande kjerter i, våpen av beste slag og mat og drykk i rikeleg mun. — Er han ute og køyrer, so er det med den stautaste hesten og det finaste seletyet som ein kan sjå for augo sine. Og køyrer gjer han like godt over hav og land, over berg og dalar, ja, gjenom lause lufta.

M. B. 1901.

På Eldjønnbuen

Skyttar-Tollef lag ein gong ei natt på Eldjønnbuen. Det er ei sæter i Folldalen, austanfor Trollhetta. – Det er nifst der, seier dei, og ikkje trygt for troll.

Tollef hadde skote ein bjørn den dagen, men kunde ikkje finne han att, då det myrkna fort. Han laut vente til morgonen etter.

Då han hadde lagt seg, høyrde han frå fjellet eit grovt mål som ropte:

«Bjønnen ligg under Svarteberg!

Jau, morgonen etter fann Tollef bjørnen, der.

Jon Bruhaug, Rindalen

 


 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.