Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Jutulen

Jutulen bur i bratte berg, helst langt til dals. Det treffer seg at folk kan sjå jutulporten open, so dei fær kike inn i halla hans. Men der hev han det fagert med blanke sylvjosestakar med blinkande kjerter i, våpen av beste slag og mat og drykk i rikeleg mun. — Er han ute og køyrer, so er det med den stautaste hesten og det finaste seletyet som ein kan sjå for augo sine. Og køyrer gjer han like godt over hav og land, over berg og dalar, ja, gjenom lause lufta.

M. B. 1901.

Slyngstadjutulen

Der budde ein jutul på Slyngstadfjellet. Næraste grannen hans budde i Stavsetfjellet, tvert over fjorden. Slyngstadjutulen ropa ein dag over til Stavsetjutulen og spurde etter nytt. Stavsetjutulen sat nett og åt skyrsoppe, difer svara han ikkje straks. Han skulde slikke skåla fyrst.

Då vart den andre sinna, treiv ein stein og kasta mot Stavsetfjellet, og den datt ned i soppeskåla til Stavsetjutulen.

«Det var grovande kåslegt,» murra han; tok steinen og hivde den ned på stranda.

Der ligg han endå, og folk kallar han Kåsen. Han er so stor som eit lite hus.

Ved J. Haddal. 1937

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *