Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Kallen gjekk i berre skjorta

På ein gard i Singsås var gammalmannen over dei 80. Det var ei ung jente som tente på garden og ein unggut frå lenger nede i bygda fløy og såg etter henne om helgekveldane.

Dagane før jul sette det inn med snøver. Andredagskvelden var guten på veg til jenta. Han kom fram til garden. Det var stilt over gard og tun. Ikkje den minste knest frå uthusa og inne var det slikt slag.

Med det same guten kom på trappa gjekk døra opp og gammalmannen svinta framom han berrføtt og i berre skjorta. Han rennte så lett og det såg ut som han sveiv over snøen. Det var som ein andepust. Det gnatt ikkje ordet i han. Han gjekk mot buret og vart borte i burssvala.

Guten gjekk inn og opp på loftet til jenta.

–    ”Å nej, kjem du hit no?”
–    ”Ja, og veit du e møtt kalla i dørn. Han va berrføtt og i berre skjorta. Det bars borti buret med om.”

Ei lang stund var det stillt. Så kom det:

–    ”Ker du si for nå. Han dø da i går han … han ligg lik borti bura.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *