Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Kallen pissa i vegen

På ein annan gard i Singsås var det også ein gammal kall. Han hadde vore ein føregangsmann på mange område med han var i si fulle kraft. Og sjøl oppe i dei høge år var han kvass i tanke og replikk. Han hadde ein liten gard, nærast ein plass å kalla attmed grendavegen. Vegen gjekk gjennom tunet. Stova sto på eine sida av vegen og det vesle uthuset på den andre.

Ein grytidleg haustmorgon var ein bygdakar på veg oppetter grenda. Det var sprettande kaldt. – berrfrost og hardtela mark. Hæljarna skrangla og slo i marka. Det dønn for kvart steg.

Da karen kom gjennom tunet fekk han sjå at kårkallen sto på trappa i bare skjorta, hukkulskodd og pissa utfor hylla og ned i vegen. Det skvala og rann.

Karen gjekk berre på. Det var da ikkje noko sjeldsyn å sjå karane slik. Men kårkallen korkje såg eller hørte. Elles bruka han da vera sers pratsam og fråggåsjuk. No berre vende han seg og gjekk inn. På den hardtela bakken såg ikkje karen det minste vått. Dette undra han seg på, men han tenkte ikkje større over det. Det drog etter seg seinare.

Karen kom til garden han skulle vera med å trøska, og der fortalde han korleis kallen hadde stått da han gjekk framom.

Det vart så stillt med det same. Han såg seg ikring og kunne ikkje skjøna at han hadde sagt noko gale.

–    ”Å huff, kerr du si,” sa kona på garden, ”han stupa da død i går kveld han.”

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *