Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Kalvåg Musikklag, Kalvåg

Kalvg_Musikklag-Kalvg
Fotograf ukjent.
Fyrste rekkja frå venstre: Torvald Aannevik, Arne Frøyen, Kristoffer Frøyen, Sigmund Føryen (dirigent), Åsmund Frøyen, Ola Frøyen, Ola Frøyen, Audun Røys, Malvin Nedset.
Andre rekkja fra venstre: Odd Larsen, Arthur Abelsen, Ståle Gulestøl, Reidar Vestby, Ingmar
Røys, Svein Røys.
Tredje rekkja frå venstre: Odd Fossedal, Bodvar Steinhovden, Jørgen A. Frøyen, Arvid Frøyen, Edvard Røys, Bernhard Frøyen og Jørgen Frøyen (formann).

Kalvåg Musikklag, Kalvåg vart skipa hausten 1923. Ved starten talde laget 8 mann. Formann og styre vart ikkje valt dei første åra. Likevel var det serleg to av medlemene som i den første tida tok seg av leiinga i laget: Audun Røys og Jørgen Frøyen.

Første øvingsstaden var ungdomshuset «Framsteg». Då huset var i bruk som leserom for fiskarane i vintertida, øvde ein skiftevis på to bualoft. Trass i at desse lokala neppe var ideelle, går det fram at laget treivst med dette «ambulerande» tilværet.

Dirigent eller instruktør hadde ein ikkje den første tida, og dette gjorde sjølvsagt arbeidet vanskeleg. I byrjinga av 1930-åra tok Kristoffer Kleive på seg den musikalske leiinga, og dette førde til framgong for musikklaget. Men Kleive utdana seg til organist og flytte snart frå bygda. Så vart det fleire nye år utan instruktør, til Sigmund Frøyen tok leiinga i 1939. Sidan har han vore laget sin dugande dirigent. —Vinteren 1940-41 hadde laget musikkløytnant Johan Kjelland Jakobsen som instruktør. I dei seinste åra har Monrad Nyheim vitja oss to gonger. Dette instruktørarbeidet har vore til stor hjelp og framgong for laget.

Laget var lenge heller lite, men med åra fekk ein utvida noko. Størst har voksteren vore etter krigen, og no har laget 22 instrument. — Uniformer har laget førebels ikkje hatt råd til å skaffa seg.

I tida 17.-19. juli 1953 heldt laget ei større tilskiping i høve av 30-års jubileet. Første dagen var det kyrkjekonsert ved organist Kristoffer Kleive, Kalvåg Songlag og musikklaget. Andre dagen først privat jubileumsfest, seinare bålfest for publikum. Tredje dagen (søndag) defilering og festkonsert, der Kleive gjestedirigerte. — Jubileet vart ei stor oppleving både for dei som skipa til og for bygdefolket, og lokalblada gav jubileumstilskipinga mange lovord.

Styret no er: Jørgen Frøyen, formann, Bernhard Frøyen, Edvard Røys, A. Lexau Nødset og Åsmund Frøyen. — Medlemstalet er no om lag 20, og øvingane har ein framleis i «Framsteg».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *