Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Kampe-Per og Åste-Kari (Torekve-dø’n)

(Kjelde: Nils Akslen o.fl.)

Skjesar

Sjæsar, ca. 1910 etter eit fargelagt prospektkort.
Fotograf ukjent.

Aste og Rasmus Aurbustugun budde i ei murahytte i Torekve-jordet. Dei kalla han Rasmus for Torekvedø’n (døden), da han var mest som nåbleik.

Ei dotter, ho Kari, vart kalla Åste-Kari etter mor si. Ho vart gift med ‘om Per Kampen frå Vågå. Det er ein song-stubb om dei, mest som ein springleik:

«Kampen og ho Kari, Kampen og ho Kari — —»

Eg hugsar dei berre som gamle. Dei var finslege folk og vart fagna som framanfolk og velkomne gjester der dei kom på rundferdom sine. Per var blind da, og ho Åste-Kari leidde han.

Ho Kari kom på legd som barn og hadde vakse opp på Skjæsar, fortalde ho. Dei to gamle var ofte der når dei flakka rundt.

Gardguten på Skjæsar og legdjenta Kari «stod i kyrkjein» same hausten. Den tid stod konformantane etter nummer dei fekk av presten uttakingsdagen. Gardguten frå Skjæsar stod fremst på kyrkjegolvet på karsida. Ho Åste-Kari stod lengst bak på kvinnfolksida.

— Men eg kunne meir hell’ han, måta, sa ho Kari. Ho gret når ho fortalde dette.

Han Kampe-Per vart trakka i hel av ei oksedrift i Vågåmoom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *