Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Kampen om mjølkekake…

Under formannskapsmøte i Høyanger hadde ein som regel eit måltid mat. Retten var alltid det same: Ei skive med karbonade, eit halvt rundstykke med brunost og eit med gaudaost.

Ein av medlemene gjorde framlegg om at ein skulle byte det eine rundstykke i ei mjølkekake. Dette vart vedteke. Seinare gjorde same medlem framlegg om at ein skulle byte ut også det andre rundstykke med mjølkekake. Dette var det ikkje stemning for. Til visse tider tok han oppatt dette med å byte ut rundstykke med mjølkekake.

No hadde han sagt greitt i frå at dette var siste perioden hans i formannskapet. Då han likevel stilte til attval, var det ein som ikkje greide å halde seg, men sa at det var vel for at han ville halde fram med kampen om mjølkekaka.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *