Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Kari paa vona

Det er eit ordstø, at naar det er ein som vil dylja seg og ikkje tala um kven han er, so er det a Kari paa vona. Det kjem seg fraa det var to elvdøler som hadde vorte sinte paa sersjanten sin paa eksisen. Dei hadde faatt juling, og det skulde vera han som hadde vore orsak til det. Sersjanten var fraa Rendalen, og daa han skulde heimatt, hadde han vegen over Mora. Desse to hadde kome heimatt fyre han, og so klædde dei ut seg som kvinnfolk og la seg paa lur ved Mora. Daa han kom rende den eine paa og dengde sersjanten.

«Ska je hjelpe deg, Kari,» sa den andre, han stod i vegkanten og sagg paa.
«Je klarar det sjøl, Mari,» sa han som dreiv paa.

Daa han hadde dengt paa sersjanten til han tykte det var nok so sa han:

«Ja naa kann du gaa hematt og tala om du har faatt juling taa a Kari paa vona.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *