Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

 

Karl Nordstuen vart skoten i krigen

Karl Nordstuen vart skoten i krigen. Han stod att med løytnant Lowzow, og so med ein gong lyfte han børsa og skaut.

«Hvad var det du skjøt paa nu?» spurde løytnanten, han kunde ingen ting sjaa.
«Paa in svenske», sa ‘n Karl, «og der ligg ‘n», han peikte burt aat ei gran.
«Se da efter om han har noget av verdi paa sig,» sa løytnanten.

Ja, han Karl gjekk burt aat og saag over, og ropte aat løytnanten, det var ikkje noko aa gøyme taa det han hadde.

Med det same small det fraa ein skogkant, og han Karl spratt ende upp og stupte daud.

Løytnant Lowzow var elles so uvyrden han, so han Erik Langerud tykte han var hoven og. Det var ein gong dei skulde smøygja seg framum svensken, fortalde han, daa Lowzow gjekk
let denne lange sabelen hanga og skrangla etter bakken, so karane hans laut tala aat ‘n og beda ‘n hekta upp denne sabelen sin. Ja, daa gjorde han det; «men du vet hadd ‘n itte vore hoven, hadd ‘n itte komme paa aa gaatt slik og skrangle med sabelen», sa’n Erik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *