Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Kasta bakstkniven over kua

Denne hendinga er frå noen hundreår attende i tida. Det var på garden Kvispdalen i Hådalen. Kona på garden sat og baka flat-brød attmed skorsteinen i fjøset. Som ho sat der og kjevla ut ein leiv fekk ho høra at det tusk av noko attmed fjøsveggen. Ho reiste seg og gjekk ut i fjøsdøren med bakstkniven i handa. Og der sto det ei stor, gild, raudsida ku og togg i seg graset langs syldstokken.

Kona kasta bakstkniven over kua, og kua sto like roleg.

Da kom det fram ein liten blåkledd kall med langt kvitt skjegg og rand topphuve.

–    Du må berre ha kua, men første kalven skal vi ha att. Men du må inte handfara kalven, velt han berre opp i det køltrauet som står attmed døra her. Vi tar hand om han sjøl. Kua står te berings. Det går inte så lenge før kalven kjem.

Og kua la kalven to dagar etter. Det gjekk så lett og greit alt ihop. Kona var einsam heime. Ho velta kalven opp i køltrauet og drog han ut. Etterpå stelte ho med kua, gav henne drikke med køl og brand i. Måtte sikra ho mot trollskap. Og da ho kom utfor fjsdøra att sto køltrauet tomt.

Dei hadde henta kalven.

Og kua vart god mjølkar. Det var aldri noko tull med henne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *