Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

KASTA PÅ DØR JOLAFTAN

Håland i Grindheim bytte før med Verdal i Eiken .
Ein gong var det ei stor trette om bytet, og styresmaktene blei kalla
til staden. Ei kjerring på Vårdal var skulda for å ha flytt bytesteinen
mot aust. Povel som budde i Geitaråsen i Mjålandsskog, blei tilkalla
som vitne. Men då han var i ætt med Flottorpsmannen, blei han ikkje
høyrd. Flottorp var før underbruk til Håland. Difor heitte det om
Hålandsmannen at han møtte for å forsvara sine «tvende ødegaarde».

Domen blei så at bytesteinen skulle flyttast attende.

Denne Povel blei ikkje lenge i Geiteråsen. Han kunne ikkje svara leiga
til Hålandsmannen og blei difor jaga på dør jolaftan. Kona til Povel
svor då at heretter skulle det aldri vanta galningar på Mjåland. Gasten
som gjeng på heia roper alltid namnet på denne hardhjarta
Mjålandsmannen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *