Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

Kåte-Reiar

 

Køsahaugen ligg like ved der Lauvlia nå ligg. Like sønnom grinda til Lauvlia er det ei gammal tomt oppi bakken. Ho er nedgrodd med eldstamp og småskog. Men for femti år sia var det ei lita stugu der. I den stugua budde han Kåte-Reiar.

Han var så kåt og sprek at han var vel den beste karen i bygda i dei dagane. Han vart aldri kalla anna enn Kåte-Reiar.

Ein gong var han oppi Eggedal og hadde fått litt oppi toppen. Da flaug han langs etter stugua på trea stokkefaret på tømmerveggen. Han datt ikkje ned. Det skulde mjuk kar til å klare det.

Ei julehelg var han på Kvisle. Der hadde dem tura heile natta. Han Reiar låg fyllesjuk i omnsbenken, denna benken som stod i omnsroa i gamle stugur. Han låg der og halvsøv utpå måråkanten.

I denna tida var det skikk at dem rei like inn i stugua til følk i jula for å vise hå karar døm var, og for å ha moro. Med han Reiar låg der yrin og kasta sei, kom det ein kar frå Øygarden riande like inn i stugua. Men da vakna han Reiar. Han reis opp med det samma. Fyst hivde han ut mannen og så hesten. Så smelte han att døra eg la sei.

Men ein gong borti Krødsherad for han ille.

Han var så flink til å gå på skjessur. Han hadde nokon lange, smale skjessur, det var ingen som hadde slike som han. Men så var han heller ikkje lenge om å gå fjorden Køsahaugen til Prestfoss. Det var ingen som tenkte på å hølde følgje med’n.

Han dreiv mykje i Krødsherad. Han hadde noko arbeid på gardane der. I denna tida hadde Vassindrud’n så flinke tråvarar.

Ein dag det var slik fin stålis på Krøderen, kom døm dit både Vassendrud’n og han Reiar. Vassendrud’n hadde den beste tråvaren med sei, og han Reiar hadde skjessune. Mykje følk var det der, og alle syntes at Vassendrud’n kjørte fort.

Da kom han Reiar og lurte på om døm skulde kappast. Han skulde ha skjessune, og Vassendrud’n hesten. Detta hadde Vassendrud’n moro tå. Han lo åt han Reiar som tenkte sei til med slikt. Følk omkring døm hadde og moro. Men døm skulde likevel prøve, og la iveig.

Men da vart nok Vassendrud’n og storflygaren hans etter. Han Reiar gikk bare og leika sei. Han gikk langt framom og tok store svingar. Best det var kom han og hoppa over skjækane mellom hesten og Vassendrud’n med hesten gikk det han orka. Da gav Vassendrud’n sei. Men det gikk hardt i han. Det var det at han hadde inga råd med han Reiar. Han var både for sterk og for mjuk, elles hadde Vassendrud’n ti’i og dengt’n for han var stor og sprek han og, større enn han Reiar, men ikkje så godt vøksin.

Ei tid etter tura døm i lag nokon karar. Der var han Reiar med, og Vassendrud’n. Han Reiar drakk sei så full at han vart liggande i ei seng der. Da var Vassendrud’n etter ein staur, somme seier det var ein jarnstaur. Med denna gikk han på’n Reiar som søv, og slo så den eine armen hans Reiar var av på to stader.

Vassendrud’n måtte betale 800 daler for detta. Men da vart han Reiar storkar. Han hadde ikkje hatt for mykje av pengane før, og rikdommen gikk reint til hugu på han. Han kjøpte sei tråvarar og kjørte storkar både i Krødsherad og Sigdal. Han tok og bretta ihop papirdalerar og tendte på pipa med for å syne hå kar han var. I to år tok han ikkje sine hendar i arbeid. Men så var det au ende med rikdommen. Han måtte ta tiI takke med å vera tenestgutt att.

Ein gong var han Reiar sjuk. Han var til dokteren og fekk medisin. Men han måtte vera forsiktig med håss han tok det, for det var gift i. Men han Reiar hørte ikkje etter hå dokteren sa. Han drakk opp alt med ein gong. Han Reiar vart frisk att.

Etter han vart gammal, og kjæringa var død, hadde han beste hugen til å gå gardimellom og få fødd sei. Han hadde ikkje hug til arbeid. Men morosam var han.

Han kom til Ovestad ein gong. Detta var på det siste han Petter levde. Da han Reiar fekk sjå’n Petter, så sa han det:

«Du har vøksi så au nå sia je såg dei!»

Han kom til Nedre-Vik, til han Kittil. Det var på slutten han levde. Han bad om døm vilde gje han litt, for nå var han så gammal og skral at han ikkje kunde tene ein skilling, sa han. «Nå er je snart hundre år,» ia han til.

«Å nei, lell,» sa han Kittil, «det var da fælt så fort du hadde aldrast i det siste. Det er nå ikkje så mange åra sia vi var like gamle.»

Men da tagna han Reiar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *