Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Katt-Kjersti


På ein plass under Tråset, høgt oppe i li'n, budde ei signekjering dei kalla Katt-Kjersti. Ho kunne gjera åt og pjåve for sjukdomar og ana vondt. Og nå skal eg fortelja ei sann historie om ho.

Det var ein som arbeidde ved depotet på Jørstadmoen om hausten etter at eksisen var slutt. Så vart han så matlei, vart gul i augom og på kroppen, og detta smitta på klæa hans au. Reint elendig vart han. Den faste avføring hadde ikkje farge av galde, for galden tok ein annan utveg gjennom vatnet og huda.

Av ein annan der på Moen fekk han den rå'a at han skulle gå opp til ho Katt-Kjersti og få ho til å hjelpe seg. Han tok da med seg ei halvflaske brennvin og gjekk opp der. Ho var den gongen gamalvori og hadde myrke augo. Han bar fram erendet sitt. Ho spurde da først om han trudde på at ho kunne gjera han god att. Det gjekk han med på, og han gav henne halvflaska. Da tok ho ein tråd og målte han både her og der. Alt ho gjorde elles, hugsar han ikkje lenger. Han hugsar han fekk kaffe der, det var noko ein sjelda fekk den gongen. Og etterpå gjekk han nedover att til Vollbakken. Men morgon' etter var han nok forundra og glad da han såg at galden gjekk den vegen den skulle. Og han som fortel dette, var den same som var til ho Katt-Kjersti, og eg kan ikkje fulltakke ho for det at eg vart god att den gongen.

Ei anna sann forteling om Katt-Kjersti:

I 1860-årom budde det her på Vetlhamar ei fru Fagerholt. Yngste syster hennar var gift i Kristiania. Ho hadde fått tredje barnet sitt, ei gjente, som var frisk og kjekk ved fødselen og til ho var tre viku' gamal. Da hende noko rart. Ein dag som barnet låg i vogga si, og mora var i eit anna rom, fekk ho brått høyre ein rar, dump lyd, og barnet tok til å gråte sterkt. Ho sprang da inn og fann barnet sitt liggande på golvet ved sia av vogga. Frå nå vart barnet lite om senn heilt forvandla. Det vart lode over andletet, føten vart lange og flate, fingra sprikte til alle kantar, og det gret ustanseleg. Dei gjekk til alle doktorar som fans i 'byen, men ingen kunne hjelpe barnet.

Så tok mora gjenta med seg hit opp til tanta på Vetlhamar. Men da gjenta ikkje vart likare, var det nokon som rådde til at dei skulle få Katt-Kjersti til å prøve med sine rå'er. Dei sende da bo' på ho, og ho kom og såg på barnet. Da ho hadde sett nok og fått greie på alt med gjenta, gav ho rå'er for korleis dei skulle fara åt. Mora vart her tre måna'r med gjenta, og dei stelte ho slik som Kjersti hadde sagt dei til. Ho hadde pålagt dei strengt å fylgje rå'om dei hadde fått, dersom det skulle hjelpe. Såleis måtte ingen gå i dørom etter eit visst klokkeslett om kvelden, der barnet var.

Det vart fortalt at i den tiden kuren sto på, var gjenta så uvanleg svolten og åt så mykje, og det var dei som meinte at ho var ikkje åleine om maten, men hadde usynlege omkring seg som var med og åt. Da ho vart frisk att, trengde ho svært lite mat. Nå nøyde ho seg med ein kavring om morgon'.

Ho som mintest dette, kunne fortelja at det var mange som gjekk til Kjersti med sjukdomom sine. Det skulle vera nokon som spurde ho om ho ikkje ville lære dotter si det ho kunne. Men da svara ho at ho ville henne ikkje så ille. (Fåberg.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *