Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Killingdalskjørkja i Ålen

Inne i Ålenfjella er det ein stad som blir kalla Killingdalskjørkja. Det er ein stor hall inne i fjellet med høl opp i dagen. Det går mange segner i bygda om denne staden.

Ein mann frå Skårdala såg ei brurferd til Killingdalskjørkja ein haustdag han låg i måssåfjellet. Det var ei lang rei med hestar. Alle sat til hest og det blenkja og skein i sal og bissel. Det var folk med som heldt hestane med dei var inne i kjørkja. Karen hørte kor hestane kvein og rista i saltyet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *