Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

KJEMPEKARAR

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Ola i Heddaasen var soldat i Danmark. Han var oveleg stor og sterk.

Der var ein kjempekar som sat og brauta i eit vertshus. Han gjorde seg morsk, og sa at ingen kunde greida han. Var det nokon som torde tru seg, so maatte dei berre koma.

Daa henta dei Ola i Heddaasen. Daa han kom inn døri, sette kjempa henderne paa bordet og vippa seg yver. Ola tok til aa fæla daa han saag kor stor den andre var. Det bar i hop med dei, og Ola la kjempa i golvet.
(Bjelland)

**********

Ola Mjaavatn var visst bror til Vorm. Han var kjempesterk. Daa han bygde husi, hadde han ikkje nokon med seg til aa kløyva timberet. Han skar med handsagi aaleine. Han hengde ein tung stein i bladet. Han kløyvde heile hustimberet sitt paa den maaten.
(Fjotland).

**********

Kollben Mjaavatn var au sterk. Han var visst far til Ola. Daa han var framvaksen, var det ein gong han køyrde høy eller ved. Daa han kom noko nær husi, vann ikkje hesten draga lasset. Faren var vond for han hadde lesst so stygt. Daa sprette Kollben hesten fraa, og drog lasset upp til husi sjølv.

Kollben var til orlogs i Kjøpenhamn. Han stod paa verven og skulde talja upp varor i ei sjøbud. Varorne vart tilkøyrde paa vogner. Køyraren saag Kollben var sterk, og hengde i baade lasset og hesten. Kollben tok i sveiven, og det tok til aa gaa til vers, baade lasset og hesten. Daa ropa køyrekaren at han laut fira.
(Fjotland).

**********

Trond Hoskuldson paa Kvinnlog i Fjotland kjøpte hestar paa Jæren. So lova han at han skulde betala hesten han kjøpte, naar han betalde den andre han skylde pengar til. Men han kom aldri att til nokon av dei. Dei kom til Trond paa Hedde og kravde pengarne sine, men daa skaut han etter dei.

**********

Tjurre-Sigmund paa Nykkland i Eikjen var kjempesterk. Per Flottorp fraa Grindheim kom ridande til Eikjen ein annandag jol, han vilde prøva Nykklandskjempa.

Dei sa det til Sigmund, og so gjekk han til gastgjevaren paa Haddeland.

– Du lyt gje meg ei haalv potta brennevin! sa Sigmund.

Han fekk brennevinet og sette det i seg med ein gong. Et bil etter sa han til gastgjevaren:

– De hjelp’ meg ingenting. Eg lyt faa ei haalv potta til!

Daa han hadde fenge den, tok brennevinet til aa verma, og so gjekk han og skulde helsa paa Flottorpskjempa.

Per stod med hesten og venta paa han. Sigmund gjekk burt til han, og la handi si paa salen og kasta seg yver hesten.

– Nò ska di prøva Nøkklandskjempo! sa han.

Men daa reiste Per med ein gong, han vilde aldri prøva. Sigmund var umlag 60 aar gamalt daa.

**********

Aanen Broen var av same ætti som Tjurre-Sigmund. Aanen gjorde ein gong byferd til Flikkafjord. Paa heimvegen bar han ei tunna rug og tri nottung salt og endaa mykje anna.

Daa han kom til Øya, var der bryllup, og so bad dei han inn. Daa han var komen til bords og sat og aat, tok dei andre til aa spenna han paa beini.

He de bee en mann inn, sò ska de la ‘an vera! sa Aanen.

Men dei berre heldt paa, so lenge til dei fekk han sinna. Men daa fekk dei moro. Aanen spratt fram fraa bordet, og kasta dei ut igjenom vindauga ein etter annan, dei som ikkje fekk berga seg ut døri. Det var ingi stund so var stova rudt.

So gjekk Aanen ut paa tunet og svinga byrdi paa ryggen og tok paa vegen.

Dei samla seg og sette etter han med staurar og stakar. Men han var so snar i vendingi at dei kunde ikkje taka han att.

Det kann vera vel 100 aar sidan det hende.

**********

Aanen var beden til Eiaarsland ein gong der var bryllup. Dei vilde prøva han, og so tok dei til aa ekla seg inn paa han.

Dotteri var med.- Eg veit du e kar! sa ho til han. Ta no tak, far! sa ho.

Aanen kasta dei ut som skjevle.

**********

Torgje Joson Nykkland var au sterk.

Dei dreiv so hardt med slaasting i Aaseral; dei hadde slege seg ihop i tvo kompania, og slost paa harde livet.

Den parten som leid verre, tenkte: Nò ska me snart tukta døkke! — Dei for til Nykkland etter Torgje, og fekk han med til Aaseral.

Det bar ihop til slaastba i kyrkja. Daa det hadde bore godt ihop, var det ein som ropa:

– Torgje Nykkland e her!

Torgje slo ut kyrkjeglaset, og so rudde han ut mest alt det som i kyrkja var ko veggjesalenn.

Han vart verande i Aaseral i tri dagar. So fylgde dei han paa heimvegen ein stor flokk, so dei andre ikkje skulde leggja paa han og gjera han noko.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *