Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Kjerka og prest i Haugesund før i tiden

 

Den 26. august 1879 blei Haugesund og Skåre skild ut frå Torvastad prestegjeld. Skåre hadde då vore anneks i meir enn 300 år og Haugesund i 25. Desse to anneks blei samla i eit nytt prestegjeld, «Haugesunds prestegjeld». Presten te Torvastad, J. Jespersen, tok det nya og blei verande her te ut i 1884. Han held sin siste konfirmasjon her 4. april det åre og eg var ein av konfirmantane.

Sokneprest Jespersen var ein stor, staut og pen mann. Han var god talar, men kjerkefolke var ‘kje sers mota på’an. Eg har som ein draum om at dei trudde han var grundtvigianar og då kunne han ikkje vera rett i truå. Men grundtvigianar var han visst ikkje, for då hadde han vel vore folkelegare og ikkje så sjølrådig. Prestane var den tid formenner i skulekommisjonane og det blei fortald at han opna eit møte i Skåre med å seia: «Jeg har som sedvanlig gjordt protokollen ferdig så det er bare for dere at skrive under». Men då sa Ole Helgesen Gård: «Når presten har skrive så møkje, kan han skriva under og».

Etter Jespersen kom Jacob Kielland av den vidgjetne Kiellandsættå i Stavanger. Diktaren Alexander L. Kielland var bror hans og kunstmålar Kitty Kielland syster hans. Han var pen, høg, kraftig og hadde stort kinnskjegg. Han var stortalar og kvass i ordskifte. Kom straks med i bystyre og var ordførar i 1888. Konservativ.

I 1894 vedtok bystyre å byggja kjerka og det var vel mest Kielland og Wrangell som fekk det te. Kielland reiste frå byen i 1898 og fekk såleis ikkje vera med då biskop Heuch la ner grunnsteinen te kjerkå i 1899. Då hu blei innvigd i 1901 var Hersleb Sverdrup prest.

Sverdrup var ein liten mann med gråsprengt hår og skjegg. Han var noke lågmælt, men far min sa at form og innhald i preikene var utifrå godt.

Sverdrup var ikkje med i meir kommunalt arbei enn det som låg te sokneprestembete. Men han var politisk interessert. Oppglødd for alt nasjonalt fridomsarbei her og i andre land.

I Torvastad brukte dei Kingo’s salmebok, men det gjekk visst ikkje lang tid før det nya prestegjelde tok Landstads i bruk. Mi konfirmasjonssalmebok frå 1884 er Landstads og då må byte ha gått for seg før den tid. Eg hugsar det var noke røre om byte, det var visst mest om dei nye tonane, som mange ikkje likte; men det var ikkje råd med det. Ziffer-koralbokå og salmodikone hans far måtte på lofte, nå blei det piano og Linde-manns note-koraler. Lærar Strømme tok på seg å læra folk dei nye tonane. Han hadde song-skulen sin i skomakarmeister Lars Nilsen sitt nybygg i Torgabakken, neranom frk. Fjellands forretning.

I prost Sverdrup si tid sende mållage søkna te kjerkestyre om at Blix-salmane måtte bli tatt i bruk i gudstenesten. Det blei nerrøysta. Ein gamal truhjertig mann sa då te Hellie Dagsland: «Dokke tapte». «Ja, me gjore det». «Ja, Gud skje lov, den gamle Gud leve endå».

Men prost Sverdrup sa: «Her har Gud i sin nåde sendt vårt folk en stor salmedikter, men Hau-gesunds menighet gir ham et spark».

Det var svært så fanatiske folk kunne vera mot landsmåle då. Ein dag kom ein bonde inn te meg, ei dotter hans var med. «Har du salmebøker»? «Ja». «Det er vel ikkje Blix-salmar i dei»? «Jo, det er der i alle nå». «Då ska eg ikkje ha». «Jo, far», sa dotterå, hu var mest på gråten, «dei er så fine». «Nei», sa han, kan eg ikkje få utan, ska det ikkje koma salmebok i mitt hus». Så for han.

Far min var målmann, men hadde ikkje gitt seg tid te å læra å skriva det. Han gav meg ein gong tri vers som han visst hadde tenkt å skriva på landsmål, men det blei noke blanda. Her er dei:

Nyss har eg lese litt astronomi,
ja også noget av geologi.
Nysgjerrig tok eg dei bøker i hånd,
og fulgte med undring den granskende ånd.
Å, alt det den veit om himmel og jord!
Ja, vitenskapen er rik og stor!

Men meget siger en vitenskapsmann,
som nok er grunna og bygd på sand.
Hans tankar omkring i jordi smyg
og vidt og breidt ut i rummet flyg.
Han granskar og leitar og synest forstå,
men «synest» blir lite å byggja på.

Han når en grense og grensen er der:
før naget er dannet, materien er.
Han spørger: «Hvorfra kom det første stød?
Hvor finnest den urkraft, som dannelsen bød?»
Ta skoene av! Her er hellig jord!
Søk svaret i Guds åpenbarede ord!

C. N. Sund.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *