Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Kjerkebyggaren på Trondarnes

Trond heitte han, og var den første som budde der. Han og ætta hans hadde dyrka Tor og Odin. Men så kom kong Olav nord til Trondarnes og herja og kristna. Han reiv hovet og ville byggje kjerka. Kongen snakka med Trond om dette, og Trond lova at han skulle byggje kjerka for Gud og kongen. Ho skulle stå ferdig til fastsett tid. Men tida lei og han Trond såg det var rådlaust å få kjerka bygd til den tida dei hadde avtalt. Han søkte om folk, men dei var i viking eller arbeidde på gardane sine. Ingen hadde tid. Trond vart tung til sinns no det lei fram mot den tida då kjerka skulle stå ferdig.

Så var det ei natt han ikkje fekk sove. Han tok seg ein tur ut, og vegen gjekk opp til Klokkarhågjen. Med eitt vart han lysvaken frå dei tunge tankane sine. Framfor han stod ein ukjend velvaksen kar. Han var som ei kjempe å sjå til. Han spurde Trond ka han ville gje for å få kjerka reist no. Trond tenkte at dette var uråd å få til. Dette måtte vere ein tomsing som tala såleis. Men han ville ikkje vere mannen svar skuldig.

«Sol og måne,» svarte han Trond.

Trond vart meir enn undren då mannen tok mot tilbodet og sa at han skulle byggje kjerka.

«Ka heiter du?» spurde Trond.

«Det får du ikkje veta noken gong, det er æg viss om. Men kan du greie å få veta ka æg heiter, då skal æg inkj e ha for kjerkebygginga på Trondarnes,» sa mannen.

Så tok bygginga til. Natt og dag. Det gjekk i eitt, og murane rejste seg, kjerka tok form. No tok han Trond til å bli redd han ikkje kunne skaffe den løna han hadde lova. Ikkje kunne han gje sol og måne, og heller ikkje visste han namnet åt han som bygde. Kjerka stod no så å seie ferdig, berre spiret var att. Sorgsam i sinn tok Trond seg ein tur opp mot Klokkarhågjen tidlig ein morra. Brått høyrde han det song så vakkert inne i haugen. Det var ei som song til barnet sitt:

«Stille, lulle, liten Linn
imorra kjem han Vindfløy –
far din – med sol og måne
på ryggen sin
vakkert spel åt banet.»

Der har du det, tenkte han. Vindfløy heiter han. Det er namnet åt han som bygde. Troll er han. No gjekk han Trond så fort han kunne ned mot kjerka. Då stod byggherren høgst på tårnet og sette opp spiret med gullknoppen på. Nå var han Trond glad. Kjerka ferdig, og løna klar.

«Vindfløy! Spiret står skakt!» ropte han opp mot tårnet.

trondenes_kirke_side_109.jpg


Illustrasjonstegning av Karl Erik Harr

Då høyrde han eit toreskrall mellom fjella og trollet var vekke. Vindfløy hadde sagt at før klokkene ringde første gongen frå Trondarnes kjerka, så måtte han vere vekke frå staden. Klokkeljomen svirra så i øyra hans. Ja, slik vart kjerka på Trondarnes bygd under trollham, og ho står der enno den dag i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *