Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

Kjerringa hans Hans Olso

 

Kjerringa hans Hans Olso, Gammal-lensmannen på Sundby (Saltdal), var ei av same ulla. Ho dreiv seg og sette utid på kretura åt folk, denne.

Men no fanst det fleire rådgjerder so ein kunde få slutt på trollskapen; den eine var å tvinga fram den som hadde sett den på. Det kunde ein få til um ein brende 7 slags ved på gruva jonsoknatta. Men det skulde vera ymse fårar med dette etter det dei sa dei gamle; men dette kan ikkje eg gje deg nokor nærare forklaring på.

Dei tala um ein mann i Nordnes; han hadde so forgale til utur med kretura sine eit tak. Han forstod det var vondskap som var skikka dit; og då dette ikkje vilde ta slutt, prøvde han denne råda, å brenna fram trollkjerringa. Jaha. Dentid han hadde elda ei økt, kom kjerringa til Gammal-lensmannen drivande inn døra. Men ho var då so a’tevra ho var for ingen ting; og det fyrste ho kom seg til, var å be um vatn.

«Je me vatn, e e so tøst e vel dån!»

«Nei, vatn da få du inkj; men melk kann du få.» So tok han eit trog ned av hylla og sette åt henne. Men ho tok ikkje imot; ho berre kjærbad etter vatn. Han var no hard på sitt; og sluttpå laut ho fir av og ta til troget. Men ho visste kva det kosta.

«Om beste kua mi ska gang a’ båsen, må e eittslag drekk,» sa ho.

Og um morgonen fann ho beste kua si liggjande klar i grindane.

Åt han Anders Monso i Vassbotn heplast det og ei tid med kretura. Men han fekk råd åt ein ranværing. Han skulde bora hol i fjøsdørstokken, og so leggja ein kronåttskjelling i holet, og uppå den tre kornauge. So skulde han driva propp i holet. Han Anders gjorde slik; og betre vart det med kreturlukka; kor det no meir var.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *