Internt referansenummer:B-000011
Kilde
DANS OG SOGER TIL TUDDALSTONAR
Av: O. J. Rui
Utgjeve av Tuddal Spelemannslag ved 25 års-jubileet 1974.
Klikk her for å lese forordet

Kjetil Løndal f. 1907

(Mennesket og tonen)

Skrevet av Knut Buen

Den nest eldste broren av Løndals-karane er Kjetil som er fødd i 1907. Kjetil tok til å spela i 15 års-alderen, og fekk nok som rimeleg er den fyrste lærdomen i heimen. I 1925 blei det dana
spelemannslag og i bygda, så det er truleg at alle unge spelemennane kom til å innspirera kvarandre. Det var blomingstid i tuddalsmusikken i desse åra framover. Som Olav og Einar kom vel Kjetil og til å lære noko etter grammafonplater. Ellers kom han i lag med ymse spelemenn utanfrå og bytte slåttar med dei. Og med ein far som Svein Løndal skulle det ikkje vera farleg med grunnlaget. Heller ikkje med slåtte-rikdomen.

Etter at Kjetil vart gift budde han og kona, Edvine ei tid i Tuddal, men dei kom ganske snart til å flytja til Oslo og har budd der det meste av sitt liv. I Laget for folkemusikk, Telelaget og L.f.s. har Kjetil forutan å vera ein leidande spelemann også fungera som formann. Det er heller ingen tuddals-spelemann som har farta så mykje kringom i verden med fela som Kjetil. Han har vore i dei fleste europeiske landa og to gonger i Amerika. Alt frå ungdomen av var han og ein spretten dansar og han kan idag sjå attende på fire norgesmeisterskap i dans. I spel har han seks. Han har og vunne Haugerudprisen og Myllargutmedalja i sylv og gull. Alt dette for hans store innsats offentleg, for folkemusikken og dansen.

Kjetil har eit personleg spel. Han har eit stort slåttereportuar og gjev alltid tilkjenne ein trong til å innprovisera når han spelar. Eit typisk døme er «Sevlien» hans frå ein Porsgrunn-kappleik. Denne er på plate. Kjetil har også komponera slåttar. Bl.a. springaren «Aleine» som er innspela i kringkastinga. Som speldomar har og Kjetil vore mykje nytta. Han har halde ei rekke
folkemusikk-halvtimar i radio og har medvirka i fleire fjernsyn-program. Ein kan trygt seia at ved sida av å vera ein framifrå spelemann og dansar har Kjetil Løndal lagt ned eit stort arbeid for å vekkje innteresse for folkemusikken. Og som menneske er han både innspirerande og morosam. Det er det med Kjetil at same om han er i godlag eller er i ulag så får han sagt det på ein slik måte at det bli moro ut av det. Sjølv om han har vore mykje sjukhelsa i det seinare kan han skjemte om sine sår, som ein gong han fortalde om at han hadde vore heilt inni orska:

«Det va' ulikeleg», sa Kjetil, «Eg sku' te himmels og gjekk på skyin i tresko….»

Det bør nevnast at Kjetil har vore læremeister og fyredøme for fleire unge spelemenn, både innafor og utafor Tuddals-bygda.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *