Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Kjinnklenning

Ho Sara Moritsen var i Aspåsen (Bodin) og gjætte. So kjende ho seg trøytt og la seg attpå. Men dentid ho vakna, låg det tre lefsklenningar på ei tuve attmed henne. Endå dei vistes både kvite og pene, so tordest ho ikkje ta dei, ho Sara. Men um natta drøymde ho klenningane; og so syntes ho det kom eit kvinnfolk åt henne og sa: «Du kunn jerna ha ete klenningann, du Sara; so skulde da inkj ha trote mat i ditt hus.»

To småvekjor i Saksenvik (Saltdal) vart ute for noko av det same. Dei var i gjætarskogen; so sat dei og spela seg uppå ein stein. Men alt medan fekk den eine høyra det kinna attmed.

«Høyr dar! No få vi vel kjinnklenning.»

«Datte skuld du inkj ha sagt,» sa den andre.

So laut dei ned av steinen som snarast; dei var og snudde kretura. Men då dei kom baker, låg det to lefsklenningar på ei tuve der. Ho som hadde høyrt det kinna, tok den eine og åt; men den andre våga seg ikkje på sin; ho let hunden få den. Men det var ikkje bra. Det la då i å ropa: «Du som åt, ska ha mat tel din dø; men du anner ska tigg ve kvar manns dør.»

Og slik gjekk dette; den eine kom til stor velstand; men den andre fekk det so smått ho laut be mat i gardane.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *