Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Kjørkune i Sigdal

 

I gammal tid var det fire kjørkur i Sigdal og Eggedal. Vatnåskjørka er den eineste tå døm som står att.

Kjørka på Hiåsskaugen var den fyste som vart øydelagt. Deretter Holmenskjørka 1850-åra, og til slutt Eggedalskjørka i 1870-åra. Enda så kjent som Vatnåskjørka er over heile landet av dei mange segnir som blir fortalt om ho, lever inga av dei segnine her i bygda. Det er som ein gammal Grenskaugbøring sa:

«Det er da ikkje noko større å fortelja om Vatnåskjørka. Je har lite og inkje hørt om ho. Nå har je vøri til messune der mest ver einaste ei, i over dei halvfirsenstjuge år (70 år), men je har aldri hørt det skulde vera noko omframt med kjørka der. Je har enda hørt det skal vera skrivi noko om ho, men det er ikkje noko døm har fått veta på skaugen, så vidt je veit.»

Oppi berget ovom kjørka ligg Olavskjelda, som ho er kalla den dag i dag. Der har mange fønni helsebot for sjukdommar. Døm var dit og vaska sei i vatnet tor kjelda og vart bra att. På gardane rundt i bygda hadde døm flaskur ståande med vatn frå Olavskjelda. Det var bruka som anna medisin. Det vart smurt på for verk og vre’, det vart drøkki for sjukdom i kroppen. Det vatnet var godt mot utslett og sår, døm bruka det jamvel mot lus og klåe. Når døm henta det vatnet, la døm att et offer i kjelda, helst sølvpengar. Olavskjelda er midt i harde berget og blir aldri tom. Vatnåsnamnet kjem av denna kjelda.

Kjørka har blitt stelt på fleire gongar. Det er blitt kosta av følka på Grenskaugen. I gammal tid var det høge krakkar i denna kjørka og. Det var måla namn i endane på krakkane. Ver gard hadde sin stol. Somme var det to gardar om.

Kring kjørka var det kjerkegard. Der stod det bare trekørsar til 1860-åra. Dessa kørsane var rosemåla og fine, og hadde namnet til den som låg under. Kring kjørkegarden var det ein steinmur. Denna står enda. Oppå steinmuren var det noko døm kalla huv. Det var ein stokk som var lagt oppå steinmuren. Ver gard hadde sin huv, somme kalla det le. Rett innom huven hadde garden sin gravstad. Huven var til å sitta på, ein kom da til å sitta framom gravstaden til følket sitt.

«Je veit huven til Klabu var så heiltopp utrøtna. Da tok’n far ei tørrfuru nedi marka, ei flengefuru som var innhol. Vi skar ho på ein seks-sju aln, det var så lang huv til Klabu. Deretter høvla vi ho og sletta ho fint til før vi la ho på muren» (1850).

Det var vanleg tru mellom følk, at om dem fekk ein sjukdom, og så lova å gje ei gave til kjørka, skulde døm bli gode att. På det viser kom det inn mange gavur til kjørka i gammal tid.

I tida omkring 1840 vart det smette ein unge under alterklæet i kjørka. Det var ein dem ikkje trudde skulde bli helsemenneskje. Det stod ei kjærring på ver side tå alteret. Så sendte den eine ungen under klædet og den andre tok imot’n. Ungen voks opp og vart som andre følk.

Ved Vatnås gikk det an å få svarteboka. Det var jamvel følk på Grenskaugen som prøvde på det.

Hiåsskaugen skal ha vøri mykje større enn han er nå. Gardane gikk lenger vestover, der det er tømmerskaug nå. Vest i Jønnemyrlia kann ein sjå i fine oppmura steinrøysir, og på Jønnemyrhaugen er det ei tømra elle. Ved Jønnemyr skal det ha blitt bløsi myrmalm. Det er kloppa over ei myr like ved der, og det er fønni slagg etter blåsinga. Det har visst ikkje vøri gardar så langt vest, men bråtar.

«Je veit med je var lita, hadde’n bestefar ei gryte som var så rar. Han hadde fønni ho gvelvt ved ei steinrøys vest i Jønnemyrlia. Ho var så vid i botten, midt på var ho smalare, men vart vidare opp. Vi bruka denna gryta til å varme låg til kuine i. Sia var ho borte.»

For riktig lenge sia, var det kjørke på Hiåsskaugen. Ho låg lengst vest i Slettesetervollen. Like framom er det ei djup dæle døm kallar Jårånsdæl. Der har det blitt borte ei brurferd ein gong. Døm kom framantil og skulde vest til kjørka og vigje. Da visste døm ikkje tå før heile ferda vart ti’i i haug der. Brura heitta Jårån. Difor er dalen kalla Jårånsdæl. Like ovom den skulde den gamle kjørkegarden vøri.

«Je var med og slo der med je var ei smågjente å kalle. Da kunde ein så vel sjå gravine låg der, både små og store. Det var på denna vesle moen mellom Slettesetra og Bjørnsjordsetra. Der ligg det tre laftesteinar etter kjørka. Døm ligg på Sletteeige. Den fjerde var ikkje å sjå. Han skulde så vidt ha nådd innpå vøllen i Bjørnsjordsetra.»

Det var svartedauden som gjorde ende på følka oppå Hiåsskaugen. Alt døde ut. Det var att bare ein gutt og ei gjente. Døm vilde til bygda med alle krøttera som var på Skaugen. Døm dreiv ihop frå alle gardane og drog nedover. Det var ein stor buskap. Da den fyste kua var i Sundstunet, var den siste på Iksnebrekk. På Iksnebrekk gikk ei ku ukse. Tå det kjem namnet Iksnebrekk. Dem snakka om å iksne ei ku når ho vart tidd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *