Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Klær og motar

Det er ikkje store svingingar i moten på herreklær nå heller, men i mine barndoms- og ungdomsdagar var det ennå mindre og lenger mellom kvar svingen. Sjømenn kom heim klædde i fine blå dyf-felsklær med fløyelskrage på trøyå og frakken og då måtte landkrabbane Og strama seg opp i dyffel. Ei tid var det mote med breie kantband på trøyene og elles skifte det som nå med dobbelt- og enkeltknappa trøya, vie eller tronge bukser. Dei brukte tjokkare klær då enn nå, både under og utanpå. Det var dei som gjekk med spøta underbolar heile åre, men somme tok på seg underklær av vadmål om sommaren. Det var velsigna då ull- og bomullstrikot kom i handelen. Yttreskjortene var av lærret eller flanell. Mange brukte stiveskjorter både i helg og vyrka. Då kom «Fransk stryking» på moten og det var mange kvinner som fekk levebrød med å vaska og stryka. Strykejernå (dampjern) var hole og blei fyllte med trekolsglør, som held varmen lenge. Dei var greie på den måten, men det stod giftig kòlós opp av tuten og det var verre. Likevel sto strykerane ifrå ti’lege mårån te seint på kveld. Det blei mindre bal då me kunne kjøpa lause skjortebryst (serviteurs) og lause mansjetter og ennå mindre då bryst, snippar og mansjetter av celluloid kom i handelen. Dei kunne mannfolkjå vaska sjøl med ein klut og kaldt vatn. Men den herlegdomen varde ikkje lenge for det viste seg at celluloiden var helsefarleg.

Ei tid gjekk alle mannfolk øve 22 år med skjegg og me yngre syntest dei var gamle i 30-årsalderen. Eg trudde det var skjegge som gjore det og at ein i vår skjegglause tid måtte lenger opp i årå for å bli rekna som gamal. Men nå nyleg fekk eg vissa for, at det er nett sameleis nå som då. Eg spurde ei ung jenta som hadde vore på dansemoro: «Det var vel berre ungdomar med i gårkveld» ? anei, det var gamle Og. Det var ein, eg er sikker på han var 28 år». Der har du det, tenkte eg — nå som då.

Inne i huse brukte vaksne kvinner kjolaliv og skjørt som rokk te okla. Var det kjøligt vêr kasta dei eit strikketørkle øve skuldrene og knytte det på ryggen. Det var eit vanleg og godt plagg for vaksne og barn. Sku dei på byen, tok dei på seg ein kjole som var så sid, at dei slept’an. Somme hadde ei klypa i snor rundt live så dei kunne hefta’n opp når det var for møkje søla og dei hadde noke å bera. Elles tok dei tak med handå og lyfte i ‘an.

Motane skifte og damene fylgde med endå det visst ikkje var noken her i byen som hadde mote-journalar å selja då.

Ei tid var det mote med puffermar og blonder i halsen og rundt omle’ane. Det var pent. Ei tid gjekk damene med «dolma», ein halvsid cape, øve skuldrene. Ei tid var det wienersjal og ein liten «kånehatt» med lange, breie, svarte silkeband knytte under hakå.

Ei tid gjekk unge damer med «kø (queue = hale) eller «løytnant» som somme sa. Dei som hadde råd te det, kjøpte kø av kvalbarder eller stålspiler, men mange hjelpte seg med puter — ja, ein dag såg eg ei som miste ein skitnepose på gatå, bande hadde nok slitna.

Ska me tru det som står i Bergensviså, var det ikkje berre unge damer som gjekk med «løytnant». Der står at:

Damene i Bergens by
de er så stolt og kry.
De kruser sine pannehår
og går med snøreliv.
Og «løytnanter», det har de
både store og små,
selv inntil gamle kjerringer
så har de fått ‘an på.

Ja, det snørelive, korsettet! Unge og gamle snørte seg så dei var reint vanskapte. Sku ei dame i selskap og ikkje var av dei slankaste, måtte det sommeti’er vera to te å hala i snorene for å få henne smal nok. Og tok du ei jenta rundt live, var det som å ta rundt ein trestokk.

Eg har aldri set noken i krinoline, men heima på lofte låg eit krinoline-skelett så det var visst ikkje lenge sia mor hadde brukt det.

Det var ikkje om å gjera for damene å bli brune den tiå. Dei gøymde seg for solå under parasollen lika flittig som for regne under paraplyen. Men så var det møkje bleiksott óg.

Når vårsolå skein og varmen var komen i luftå, sende mødrene småjentene sine ut i finaste pussen om sundagane. Kjolen var av skotsk ty med stiv kvit krage, håre utslått og festa med krumkamm. Dei hadde fine sokkar og lakerte skor. Eg hugsar mor og barnejentå hadde svært strev med å få mamelukkene te å hengja passeleg langt ner om kjolakanten og lika sidt, når systrene mine sku ut. Men når det endeleg var i orden og bådnå samla seg i solskinne var det eit fagert syn.

Og lika fint var det å sjå dei yngste damene i lyse kjolar og kyser av blomstra sirts, smilande, livsglade og viktige.

Dei fleste gifte kvinner blei nemnt med ”Madam” (ma dame — mi dame) : Madam Sund, Madam Reiersen, men fruetittelen arbeidde seg meir og meir inn: Fru Albertine Eide, Fru Constance Lothe. Alle ugifte damer blei nemnde med «Frøken». Eg minnest berre ei «jomfru», jomfru Anfindsen, som selde pyntesaker og røykte pipa som ein kar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *