Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Gunnleik H. Mjellekaas

 

Klee o sko

Når eg feste meg på Mjelland, blei me forlikte om at eg sku ha hondre o tjuge kronu i året o ein hælv klenning, dæ vil søå: to par sko, to par sokkar, to par buksur, to skjurtu, lue o et hæsjtørkle, men bærre ei jakke o ein vest. Dæ va gode klee o heimegjort elt sammen.

Ein skreddar satt mykje på gardein før, o dær dæ va mange tenarar som sku ha nye klee fe året, blei dæ mykje arbei fe skreddaren. Dæ va helst langbukse o gråtrøye me fekk, men dem gamle gjekk i knebuksur o gråtrøye. Langbukse o jakke som va nokko nytt, fekk nemnet «fanteklee», o folk gjekk meir og meir ivi te slike klee. Folk ha som regel stasklee, o somme husmenn ha au likare klee te hælgjin. Ein måtte vørå nokko finar når ein sku te kjørkja, te brudlaup o gravøl, men elles va dæ o gå i filleklee o tesu (enkle sko til kvardagsbruk).

Hær va bygdeskomakar, dæ va ein som ha to læregutar mæ seg. Han reiste omkring mæ ein maskin o særleg på gardar dær dæ va mange som sku ha sko i løna, konne han vørå dågåvis i slengen. Mest va dæ lågsko, men te arbesbruk va dæ tesu. Gamle Mjelland som va så rik, gjekk støtt i tesur, o på veten bruka han o fleire mæ han filsa (hudsko, også kalla fiti), som dem lågå ta nedaste deilen ta kjybeina. Før va dæ mykje ta slikt, o båre karar o kvinnfolk gjekk i husko. Eg hørde mor fortålde at slikt va mykje bruka i Tuddal om veten.

Dæ va dem som barka skinn sjave. Dem fletta fyst grånbork i søvjåtia o fekk dæ inn i hus fe o turke. Dæ måtte ikkje kåmmå vatn på borken. Så tok dem skinna o la dem i ein bekk mæ rennans vatn, feste dem mæ stein så dei veiva att o fram o slik låg dei te hårå datt ta. Elles så bruka dem kælkrøyting. Da blei skinna lagt i et kjær o så strødde dem på kælk. Dær låg dei te håra røtte (løsna). Nå konne ein løysbarke. Skinna blei lagt i et ana kjær sammen mæ hønselort. Ette ei ti kom fastbarken. I store kjær blei skinna lagt, men fyst la dem et lag mæ småhakka grånbork, o upp på dettan la dem et skinn, så grånbork o et nytt skinn. Skinna måtte ikkje kåmmå nere einan. Dem la au ned kælveskin på samre måten, o dem skinna blei bruka te fôring ta finare sko, te reimar når dem sku saume husko, o te ana arbei som dem bruka reimar
te. Eg såg hoss dem gjorde når dem barka, men dæ va mæ barking som mæ elt ana, dæ tok slutt.

Skinnfellar blei au barka på ein måte o redd. Dem tøgde o dróg te elle kantar o et godt redd skinn va så mjukt o fint som silkje. Dæ va helst skinnfellmakarar som la mest arbei på skinnet. Men dæ va au mange som redde skinnfellar te husbruk o da la dem ikkje så mykje arbei i dæ.

 

Om forteljaren Gunnleik H. Mjellekaas

Forteljaren, Gunnleik H. Mjellekaas, blei fødd i 18751 Gransherad. I dag er Gransherad ein del av Notodden kommune. Intervjuet er frå 1956.

Far hette Halvor Gulliksen Mjaugeto, o mor Torbjørg Jonsdotter. Ho kom frå ein liten jordveg som hette Dalen nordmæ Reisjå i Mostue.

Dette er historia om ei tid då folk tente lite og svalt ofte. Gamle folk gjekk på legd og ungane frå ein husmannsplass fekk ikkje lære å skrive og rekne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.