Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Kloke folk

Loa-Marja


Den tie han bestefar voks upp, gjekk det ofte ei fantkjering her som dei kalla Loa-Marja. Ho og fylgje hennar brukte å ta inn hjå ho Mari Moe. Der trefte han bestefar ungan hennar Marja, og dei kunde da vera i lag og leike. Men dei var så leie til å erte. Ein gong fann dei på å seie åt 'om bestefar:

– Tri pinnar i jorda gjer Ola.

Dette veit du var leit å høyre når ein sjøl heitte Ola.

Ho Marja kunna nå meir enn folk flest. Såleis når ho vart nekta mjølk eller anna som ho spurde um. Da sa ho eitkvart låkt som skulde hende, og stødt gjekk det som ho spådde.

På ein gard på Lesja gjekk Marja inn ein gong, men fann ikkje folk inne. Så gjekk ho åt fjose. Der sat kjeringje og mjølka ei kvige. Ho såg litegrand yrven og tungsint ut, kjeringje, og da ho Marja nemnde på å få mjølk, vart ho nekta.

– Du kjem ikkje til å få mjølk lenge tå ku'n, du hell, sa ho Marja og gjekk sin veg. Ei ti etter sturta kviga.

Ein annan gong kom ho inn på ein gard på Lesja, der del skulde til å fløtja på setre. Ho Loa-Marja vilde ha mjølk nå og. Men dei sa at dei hadde sett burt mjølkje, og nå hadde dei ikkje stunder til å finne fram noko åt henne.

– Å, eg skal ta det att på ku'n dine i sommar, eg, sa ho.
– Korleisn det, da? sa kjeringje.
– Jau, du skal få gå etter ku'n dine i heile sommar, sa ho.

Kjeringje log, for ho trudde ikkje så mykje på slikt. Men ho fekk sjå. anna. Fyrste dagen dei var på seter'n, laut dei gå etter ku'n, og slik heldt det på heile sommaren.

Ho Marja kom inn på Bjorlivolle ein gong. Så spurde ho etter um det var nokon død der. Nei, det var da ikkje det, sa dei.

– Da er det nokon som er feig her, sa ho. For eg såg ei likkiste uti gangje her, da eg kom, sa ho.

Ei ti etter døydde det ei gjente der, som heitte Anna.

Ein gong ho kom inn på ein gard i Bjørli'n, møtte ho ein som heitte Per Skotte i dør'n.

– Huff, sa ho. Eit tå oss er feig.
– Det er vel kjeringje med påså, det, sa han Per.
– Å nei, det er nok mannen med stave, det, sa ho.

Per log åt henne, for han trudde ikkje på det ho for og sa.

Ei tid etter var han Per på jakt inni fjelle. Der gjekk børsa av for 'om, så han fekk skotet i låret. Han greidde ikkje å stane blodet, anna han blødde seg ihel der på fjellet. Da dei skulde leite han upp att, rekte dei blodfaret eit langt stykke. Han hadde bunde lummeturklædet sitt rundt såret, men blodet var ikkje til å stane, og han hadde nok blødt ihel fort.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *